Døme på naturbaserte løysingar i vassdrag og våtmark

Bevare, restaurere og etablere flaumslettar

Vatnet struamar over flaumsletta på Brandbu. Biletet er tatt frå den store pumpestasjonen og oppover i vassdraget i Vigga. |Arne Jørgen Kjøsnes, NVE

Betydninga for klimatilpassing

Ei flaumslette er eit flatt areal langs eit vassdrag som blir fløymt over ved høg vasstand og flaum. Dette reduserer flaumfaren nedover i vassdraget fordi vatn dryges (vatnet blir halde tilbake for å dempe og forseinke vatnavrenninga til område som ligg nedstraums) og blir infiltrert på flaumsletta. Ei flaumslette kan redusere farten på vatnet, erosjon og flaumtoppar. Flaumsletter har stor kapasitet for å lagre vatnet og har derfor naturleg ein flaumdempande effekt.

Mange stader er det etablerte vollar langs vassdrag som hindrar elva i å nå dei naturlege flaumslettene sine. Ved å fjerne slike vollar kan ein reetablere tidlegare flaumslettar.

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Flaumdemping

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Flaumlettar er blant dei mest biologisk produktive områda i verda. I tillegg til gode næringsforhold fører den stadige endringa i vassføring og temperatur til at habitatstrukturen på flaumslettene er heterogen i tid og rom. Dette har ført til at flaumslettene er svært artsrike, med artar som har tilpassa seg eit miljø som alternerer mellom flaum og tørke.

Føresetnader

  • Areakrevjande

Tilleggseffektar tiltaket kan gi

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

  • Stadsidentitet og kulturarv: Naturelement kan formidle historia eller identiteten til ein stad.

  • Matproduksjon: Flaumslettar kan brukast til beite eller annan landbruksproduksjon.

Nyttige lenker

Relevante berekraftsmål

Ikoner for relevante bærekraftsmål frå FN|Kilde: FN
Sist oppdatert 19.12.2023

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid
Laster. Vennligst vent