Bevare, restaurere og etablere flaumslettar
Betydninga for klimatilpassing
Ei flaumslette er eit flatt areal langs eit vassdrag som blir fløymt over ved høg vasstand og flaum. Dette reduserer flaumfaren nedover i vassdraget fordi vatn dryges (vatnet blir halde tilbake for å dempe og forseinke vatnavrenninga til område som ligg nedstraums) og blir infiltrert på flaumsletta. Ei flaumslette kan redusere farten på vatnet, erosjon og flaumtoppar. Flaumsletter har stor kapasitet for å lagre vatnet og har derfor naturleg ein flaumdempande effekt.
Mange stader er det etablerte vollar langs vassdrag som hindrar elva i å nå dei naturlege flaumslettene sine. Ved å fjerne slike vollar kan ein reetablere tidlegare flaumslettar.
Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse
- Flaumdemping
Korleis styrkar tiltaket naturmangfald
Flaumlettar er blant dei mest biologisk produktive områda i verda. I tillegg til gode næringsforhold fører den stadige endringa i vassføring og temperatur til at habitatstrukturen på flaumslettene er heterogen i tid og rom. Dette har ført til at flaumslettene er svært artsrike, med artar som har tilpassa seg eit miljø som alternerer mellom flaum og tørke.
Føresetnader
- Areakrevjande
Tilleggseffektar tiltaket kan gi
-
Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.
-
Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.
-
Stadsidentitet og kulturarv: Naturelement kan formidle historia eller identiteten til ein stad.
- Matproduksjon: Flaumslettar kan brukast til beite eller annan landbruksproduksjon.
Nyttige lenker
- Miljøtiltak for å gjenopprette et foringet vassdragsmiljø (NVE)
- Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) Flaumdempande tiltak (Landbruksdirektoratet)
- Fordrøye vannet (NIBIO)
- Modul F1.300: Mulige tiltak mot flom og oversvømmelse (NVE)
- Manual of river restoration techniques (The River Restoration Centre)
- Rivers, streams and floodplains (NRC Solutions)
- Restoring floodplain elements (NRC Solutions)