Klimaet som menneske, dyr og planter lever i, er ein essensiell del av livsvilkåra deira. Difor vil alle artar – menneske, dyr og planter – bli påverka av klimaendringar, både direkte og indirekte.

På internasjonalt nivå kjem Naturpanelet (Ipbes) med ei rekkje utrekningar blant anna om naturens tilstand og økosystemtenestar som naturen gjev oss menneske.

For å sikre at ein når dei nasjonale måla for naturmangfald og friluftsliv, er tilpassing heilt nødvendig. Samtidig kan natur og naturbaserte løysingar bidra til å dempe verkingane av klimaendringane i andre delar av samfunnet.

Utslag av klimaendringar må sjåast i samanheng med andre endringar som verkar inn på friluftsliv, natur og naturmangfald.

Naturmangfaldlova krev at ein må vurdere den samla belastninga, inkludert klimaendringar, når ein fattar avgjerder som kan gå ut over naturmangfaldet.

På likt vis må ein vurdere korleis klimaendringane og andre forhold samla påverkar befolkninga sin rett til fri ferdsel i naturen som følgjer av allemannsretten.

Arealinngrep er den største trusselen mot naturmangfaldet i Norge, og klimaendringane forsterkar denne utfordringa. Det er nødvendig å vurdere klimatilpassing som ein naturleg del av naturforvaltninga. Det er derfor viktig å vurdere den samla belastninga på naturmangfaldet.

Truga artar og naturtypar

Så mange som 211 av dei truga artane på Raudlista blir rekna som truga av klimaendringar. Mange er knytt til eit kjøleg fjellklima og er difor sårbare for høgare temperaturar. Vi veit i tillegg at vi kan ha undervurdert skadeverknadene av klimaendringar.

Sannsynlegvis vil mange fleire truga artar, med unntak av dei som er varmekjære, få større problem. Det er fordi klimaendringar vil gjere det naudsynt for artane å tilpasse seg på ein måte som truga artar har vanskar med. Noreg har som nasjonalt mål at ingen arter eller naturtypar skal utryddast, og det krevst ein ekstra innsats for å sikre dei truga artane.

Framande artar

Globalt reknast skadelege framande artar som ein av dei største truslane mot naturmangfaldet. I Noreg gjev Fremmedartslista ei oversikt over framande artar med høg økologisk risiko. Klimaendringane forsterkar spreiinga og effekten av framande artar fordi ein del artar som i dag ikkje overlever på grunn av kaldt klima får betre vilkår.

Det viktigaste tiltaket er å avgrense spreiinga av artar som gjer stor skade på naturmangfaldet.

Framande organismar er regulerte i ei eiga forskrift. Forskrifta inneheld ei forbodsliste med dei mest skadelege framande artane. Det er søknadsplikt for ein del artar. Forskrifta inneheld òg forsiktigheitskrav til dei som innfører eller set ut framande organismar i Norge. Det er forbode å setje ut fisk og ferskvassorganismar i sjø, vatn og vassdrag. Dersom ein vil nytte utanlandske treslag til skogbruksføremål, må ein søkje om løyve. Fleire sektorar har ansvaret for aktivitetar, forvalting og handheving av regelverk knytt til innførsel, omsetning og utsetting av slike artar, og for kontroll og nedkjemping.

Regelverk

Ressursar

Friluftsliv

Friluftsliv i nærmiljøet bidreg til å løyse utfordringar i helse-, samferdsel og integreringspolitikken. I 2020 med Covid-19-pandemien har dei nære turområda hatt ein særskilt viktig funksjon for befolkninga si livskvalitet. Å leggje til rette for friluftsliv i nærmiljøet er difor ei særs viktig oppgåve.

I Noreg har klimaendringane allereie vist at det blir meir kostnadskrevjande å etablere og vedlikehalde turstiar, turvegar og andre fysiske tiltak i område med meir og kraftigare nedbør og vind. Med meir nedbør blir stiar meir utsette for væte, erosjon og skred, og kraftig vind kan gjere skade på bygningar og andre installasjonar. Klimaendringane gjer og at skisesongen blir kortare, særleg i låglandet. Tilhøva for å gå på skøyter vil òg blir dårlegare.

Fleire brear og brearmar vil smelte bort, krympe eller bli utilgjengelege for breturar. Attgroinga vil skyte fart, og meir vedlikehald må til, både for at folk skal kome seg fram og for å ta vare på utsikta. Med høgare temperaturar kjem fleire menneske til å opphalde seg i skjergarden og strandsona i sommarhalvåret. Tørre periodar vil òg gjere det nødvendig å førebyggje brann, til dømes gjennom utvida bålforbod og meir informasjon om skogbrannfare.

I Noreg har vi nasjonale mål om at alle skal ha høve til å utøve friluftsliv i nærområdet sitt og elles i naturen. Det krev at område som er viktige for friluftsliv blir sikra og forvalta godt, og at allemannsretten blir halden i hevd. For å nå desse måla, må vi setje i verk ein god del tilpassingstiltak.

Naturbaserte løysingar

Naturbaserte løysingar går ut på å løyse samfunnsutfordringar gjennom å ta utgangspunkt i naturlege prosessar og økosystem. Løysingane er særleg eigna til å realisere vinn-vinn effektar, fordi dei er multifunksjonelle og dei same areala fyller fleire behov på ein gong.

Målet med bruk av naturbaserte løysingar for klimatilpassing er å dempe negative effektar av klimaendringar som flaum, overvatn, skred eller liknande. Naturbaserte løysingar er likevel karakterisert ved at dei ofte har fleire funksjonar og kan gje ei rekkje positive tilleggseffektar for samfunnet, til dømes medverke til rein luft, fritidsaktivitetar, bevaring av kulturminne og -miljø, landskap, helsegevinstar, velvære og naturmangfald.

Naturbaserte løysingar er ofte kostnadseffektive, særleg når ein vurderer alle tilleggseffektane for samfunnet. Det å ivareta eller restaurere robuste økosystem, og å sikre blågrøn infrastruktur, er løysingar som også er viktig for å ivareta naturmangfald under eit endra klima.

Det finst naturbaserte løysingar for ei rekkje effektar av klimaendringar, mellom anna flaum, overvatn, havnivå og stormflo, skred, nedbør, temperatur og tørke.

Naturbaserte løysingar inkluderer eit stort spekter av tiltak, frå å ta vare på eksisterande natur, til å tilretteleggje meir tekniske løysingar som baserer seg på bruk av element frå naturen. Det er ikkje mogleg å gje ei generell vurdering av naturbaserte løysingar opp mot tekniske løysingar. Overordna kan ein likevel seie at naturbaserte løysingar ofte er billegare enn tradisjonelle tekniske løysingar, særleg ved etablering, medan dei tekniske løysingane ofte er meir effektive når det gjeld å møte ei spesifikk klimautfordring. Det rimelegaste kan likevel vere å ta vare på eksisterande funksjonelle økosystem.

Vassmiljø

Vatn er livsmiljø for ei lang rekkje levande organismar, frå plantar og insekt, til fugl, fisk og pattedyr. Kantvegetasjon, elvar og flommark betyr mykje for økosystemet i og langs vassdraget, og kan dessuten bidra til å redusere erosjon og dempe flaum.

Intakte vassdrag med naturlege prosessar for rørsle av både vatn, organismar og sediment er viktige i klimatilpassinga. Mange vassdrag har naturleg både meandrar (svingar) og flaumlettar med våtmarker og kroksjøar, der vatnet har plass til å breia seg ut når det er flaum. Dette bidreg både til å halda vatnet tilbake (retensjon), og dempa farten, slik at potensialet for flaumskadar nedstraums blir redusert. Naturleg kantvegetasjon bidreg både til å dempa farten på vatnet, og sikre elvebredda mot erosjon og flaumskadar. Dessverre er mange vassdrag retta ut, kanalisert og har mista flaumslettene sine, fordi arealet er teke i bruk til andre formål. Dermed har dei mista evna til å halda tilbake og bremsa flaumen, noko som medføra auka skadepotensial nedstraums.

Det er derfor svært viktig å ta vare på dei intakte, flaumdempande strekningar som me har igjen. Dei er verdifulle som naturbaserte løysingar for klimatilpassing. I tillegg kan det vera aktuelt å restaurera vassdrag med tilhøyrande flaumlettar og kantvegetasjon for å reetablera den flaumdempande effekten. Dessutan er sjølvsagt intakte og restaurerte vassdrag viktige for naturmangfald som fisk, ål og elvemusling, og gir i tillegg samfunnsnytte mellom anna for friluftsliv og turisme.  

Dette er gjort tydeleg i Statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing (2018) som seier at "bevaring, restaurering eller etablering av naturbaserte løysingar (slik som eksisterande våtmarker og naturlege bekker … osb.) bør vurderast. Dersom andre løysingar blir valde, skal det grunngivast kvifor naturbaserte løysingar er valt bort."

I Nasjonale forventningar til regional og lokal planlegging 2023-2027 (2023) blir det også understreka at "våtmarker, kantsoner langs vassdrag, myrar og skog er verdifulle økosystem som kan bidra til å dempa flaum og negative effektar av klimaendringane. Ved utarbeiding av arealplanar er det viktig at bevaring og restaurering av natur, og eventuelt etablering av nye naturbaserte løysingar, blir vurdert som klimatilpassingstiltak. Dersom andre løysingar for klimatilpassing blir valde, skal det grunngivast kvifor naturbaserte løysingar er valt bort."

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid