Naturbaserte løysingar ved busetnad og infrastruktur

Overvannsdam

Betydinga av tiltaket for klimatilpassing

Ein overvannsdam er ein dam med permanent vasspegel, men som har volum til å få og dryge ekstra vatn i ein flaumsituasjon. Opne vassflater regulerer også temperaturen ved å ta opp varme på sommaren og gi varme på vinteren. Det er viktig å vere klar over at ein overvannsdam berre er flaumdempande for ei viss mengd vatn, og at kapasiteten må kartleggjast før utbygging.

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Overvatn, ved dryging
  • Temperaturauking, ved temperaturrgulering

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Ein overvannsdam kan bidra til auka biologisk mangfald gjennom å skape habitat for plantar og dyr, både på lands og i vatn. Dette kan auke biodiversiteten i eit område. Effekten på naturmangfaldet avheng av ei rekkje faktorar, inkludert utforminga til dammen, plassering og det omkringliggjande miljøet. 

Føresetnader

For å redusere drukningsfaren må dammar i tettbygde område ha slake kantar og vere grunne innerst mot land. Djupe dammar må sikrast med gjerde, vegetasjonsbuffer eller liknande. Dersom vatnet som blir tilført dammen er svært forureina, kan det vere formålstenleg å reinse vatnet før det blir sleppt ut i dammen. Algevekst er eit problem i næringsrikt, stilleståande vatn. Tiltak som sirkulerer eller fører oksygen inn i vatnet reduserer problematikken. Dammane kan vere arealkrevjande og krev vedlikehald som tilsyn med eventuelle pumper for vassirkulasjon og oksygentilførsel, fjerning av sediment, søppel, uønskt plante- og algevekst. Det er viktig å sikre tilkomst for vedlikehald. Dammar må også gjerne tømmast med jamne mellomrom.

Tilleggseffektar tiltaket kan gi

  • Mikroklima: Tre og vegetasjon bidrar til lokal klimaregulering ved å gi le mot regn, vind eller sterk sol og ved å redusere høge sommartemperaturar. Opne vassflater har ein svalande effekt om sommaren.

  • Rensing av vatn: Ein overvassdam har evna til å skilje ut forureining, ved hjelp av mekanismar som sedimentering, adsorpsjon og mikrobiologisk nedbrytning
  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

Nyttige lenker

Relevante berekraftsmål

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid