Naturbaserte løysingar ved busetnad og infrastruktur

Regnbed

Betydinga av tiltaket for klimatilpasing

Eit regnbed er eit tilplanta søkk i terrenget der overvatn drygast og blir infiltrert. Dette bidreg til å halde oppe eit stabilt nivå av grunnvatn. Regnbed har ofte utplanta staudar.
 
Regnbed har fleire fordelar. Dei kan forhindre eller redusere overfløyming, fange opp forureining og bidra til auka naturmangfald. Vegetasjonen som blir planta rundt har effektar som større infiltrasjonskapasitet, reinsing av vatn og luft, og det vernar overflata mot erosjon. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Overvatn, ved infiltrasjon og dryging

Korleis styrkar tiltaket biologisk mangfald

Eit regnbed forsterkar grønstrukturen og aukar biodiversiteten i byane. Det kan vere habitat for både vass- og landslevande artar, bidra til å binde saman grøne område og ein kan sørgje for planting av raudlista artar. 

Føresetnader

Det må sikrast tilstrekkeleg fall (minimum to prosent) mot regnbed slik at vatnet hamnar der det er planlagt. For å unngå slitasje bør regnbed i nærleiken av leikeområde vernast med gjerde. Plassering langs yttarkantane av eit område gir også redusert slitasje samanlikna med sentralt plasserte regnbed. Grus og forureiningsstoff kan samlast ved innløpet til regnbedet ved hjelp av "slamlomme". Svartelista plantar skal ikkje brukast i regnbed.

Andre effektar tiltaket kan gi

  • Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.

  • CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

Nyttige lenker

 

Relevante berekraftsmål

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid