Naturbaserte løysingar ved busetnad og infrastruktur

Urbant landbruk

Betydinga av tiltaket for klimatilpasing

Urbant landbruk omfattar dyrking og husdyrhald i byar og tettstader. I fleire norske byar blir brukte takareal til å dyrke mat og halde bier. Urbant landbruk kan bidra til å handtere overvatn ved å absorbere regnvatn. Auka mengd grøntareal kan vidare bidra til å redusere temperaturen i byområde. Tiltaket kan også bidra til reduserte klimagassutslepp, både ved å redusere behovet for transport av mat og ved å auke kunnskapen om berekraftig matproduksjon. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Nedbør og overvatn, ved fordrøyning, infiltrasjon og evapotranspirasjon
  • Temperaturauke, ved hjelp av temperaturregulering

Korleis styrkar tiltaket biologisk mangfald

Urbant landbruk kan bevare og styrkje biologisk mangfald på fleire måtar. Det kan skape habitat for plantar og dyr, og bevare artar som er trua av urban utvikling. I tillegg kan det bidra til ein sammenhengde grønstruktur i byane og dermed leggje kva for at ulike artar kan bevege seg mellom område.

Føresetnader

Viktig å unngå overgjødsling. Kan gi problem med næringsrikt vatn, oksygensvinn og algevekst nedstraums. Dette kan igjen gi sjenerande lukt.

Andre effektar tiltaket kan gi

  • Forbetra luftkvalitet: Tre og annan vegetasjon fangar svevestøv, svoveldioksid (SO2) og nitrogendioksid (NO2) som kan vere skadeleg for menneske i store dosar

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Kan bidra til å forstå berekraftig matproduksjon og viktigheita av biologisk mangfald. 
  • Stadsidentitet og kulturarv: Naturelement kan formidle historia eller identiteten til ein stad.

  • Pollinering, frøspredning: Humle, bier, sommerfugler, blomsterfluer m.fl. pollinerer både viktige matplanter og mange arter i naturen. Ekorn, fugler og andre bidrar med frøspredning.
  • Matproduksjon: Urbant landbruk bidreg til auka produksjon av mellom anna frukt, grønsaker, honning og egg.

Nyttige lenker

 

Relevante berekraftsmål

 

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid