Miljødirektoratets språkpolitikk
Som offentleg etat har vi ansvar for å bruke, utvikle og styrkje både bokmål og nynorsk.
Miljødirektoratet skal
- skrive klart og korrekt slik at lesarane våre forstår og kan bruke informasjonen til det dei skal
- vere ein pådrivar for å bruke og utvikle eit norsk ordtilfang om klima og miljø
- leggje til rette for å bruke nynorsken meir i alle typar tekstar
- vere medvite ansvaret vårt for alle dei norske språka (bokmål, nynorsk, dei samiske språka, kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk) og stille krav om språk i innkjøp
- gi alle tilsette opplæring i klart språk
Leiarane skal
- vere eit førebilete og sikre at språklova og språkprofilen blir følgde
- ha klart språk som tema på seksjons- og avdelingsmøte
- oppmuntre språkinteresserte medarbeidarar for å skape engasjement og auke forståinga for godt språk
Nynorsk
- Som offentleg etat har vi ansvar for å bruke, utvikle og styrkje både bokmål og nynorsk. Vi skal derfor bruke nynorsk ofte, slik at det blir ein naturleg del av tekstane våre.
- Vi skal vende oss til kommunar og fylkeskommunar på skriftspråket dei har vedteke.
- I generell skriftleg informasjon som vi lagar for eit eksternt publikum, skal vi veksle mellom bokmål og nynorsk og ha minimum 25 prosent av kvart skriftspråk.
- Tilsette vel sjølve om dei vil bruke bokmål eller nynorsk i interne saksdokument og tekstar.