Ny grensekryssforordning forseinka inn i EØS-avtalen

Dagens grensekryssforordning (EF) Nr. 1013/2006 vil gjelde ved avfallstransport til og frå Noreg inntil vidare.

Publisert 15.05.2026

På grunn av omstende utanfor Noreg si kontroll, blir ikkje ny grensekryssforordning teken inn i EØS-avtalen før dei fleste reglane i den byrjar å gjelde i EU 21. mai 2026.

Dette betyr at ny grensekryssforordning (EU) 2024/1157 ikkje blir gjeldande for norske aktørar frå 21. mai 2026, og dei må halde fram å følgje dagens grensekryssforordning fram til den nye forordninga er innlemma i EØS-avtalen og norsk rett.

Ny grensekryssforordning er forseinka

Miljødirektoratet har jobba aktivt for å førebu bransjen på nytt regelverk og for å gjennomføre dette i norsk rett innan 21. mai 2026. Sjølv om Noreg står klar til å ta inn ny grensekryssforordning i norsk rett, så må også dei andre EØS-landa vere klare for at den skal kunne bli innlemma i EØS-avtalen. Dette er ikkje situasjonen per no.

Aktørar må fortsetje å følgje dagens forordning

Dette betyr at alle aktørar som er involvert i ein grensekryssande avfallstransport til og frå Noreg må følgje dagens forordning til det tidspunkt ny forordning er blitt innlemma i EØS-avtalen og teken inn i norsk rett.

For å sikre mest mogleg effektiv kommunikasjon og samhandling mellom Noreg og EU-land, og samtidig justere vår saksbehandlingspraksis innanfor gjeldande regelverk, slik at den blir meir i tråd med det som følger av ny forordning.

EU-land som eksporterer eller importerer avfall til og frå Noreg

Dagens forordning gjeld framleis som del av EØS-avtalen fram til ny grensekryssforordning erstattar denne. Sidan dette er ein folkerettsleg avtale mellom EU og Noreg, vil dagens forordning også gjelde for EU-land som ynskjer å eksportere avfall til Noreg eller som importerer avfall frå Noreg.

Vi ber norske aktørar informere Miljødirektoratet dersom dei skulle oppleve problem ved grensekryssande avfallstransport mellom Noreg og EU-land i tida framover. 

Miljødirektoratet vil halde bransjen oppdatert

Det er usikkert når ny forordning blir innlemma i EØS-avtalen. Miljødirektoratet har jobba aktivt for å førebu bransjen og stå klare til å ta inn ny forordning i norsk rett. I tillegg har bransjen sjølv førebudd seg på nytt regelverk. Miljødirektoratet forstår at denne situasjonen kan skape usikkerheit for avfallsbransjen.

Noreg vil halde fram med å jobbe med dei andre EØS-landa for å få forordninga innlemma så snart som mogleg i EØS-avtalen.

Miljødirektoratet vil sørge for å holde bransjen oppdatert ved ny informasjon.