Sedimenta i Oslofjorden består av opptil tre prosent bildekk

Miljøovervaking stadfestar at bildekkpartiklar er den største kjelda til mikroplast i norsk natur.

Publisert 22.10.2025

Bildekkpartikler er eit stort miljøproblem. Nivåa er høgast nært dei store byane, men lokale reinseløysingar kan bidra til å forhindre vidare spreiing ut til miljøet.

– Mikroplast er uønskt i miljøet, og når vi veit at bildekk også inneheld miljøskadelege stoff, er desse funna alvorlege, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.

Bildekkpartiklar viser seg igjen som ei dominerande kjelde til mikroplast

Dei nyaste resultata frå Mikronor-programmet, som forskarar ved Niva gjennomfører på oppdrag frå Miljødirektoratet, viser at den mest utbreidde mikroplasttypen i norsk natur er bildekkpartiklar.

Partiklane blir slitne laus frå bildekka under køyring og inneheld både syntetisk gummi og miljøskadelege kjemikaliar som kan vere giftige for dyrelivet og som kan transporterast langt med luft og vatn.

Resultata i år viser at opptil tre prosent av sedimenta i indre Oslofjord består av bildekkpartiklar, målt etter vekt. Dette er blant dei høgaste nivåa som er målte i norsk natur og gir grunn til bekymring for miljøpåverknad.

Dei høgaste nivåa var nær hamneområda.

Blåskjel får i seg bildekkpartiklar

Blåskjel frå seks stasjonar – mellom anna Oslo, Ålesund og Varangerfjorden – vart undersøkt for bildekkpartiklar. Nivåa i skjela varierte, men det vart funne bildekkpartiklar i blåskjel frå alle stasjonar.

Dette gir grunn til bekymring for biologiske effektar og mogleg overføring i næringskjeda.

Bildekkpartiklar i 95 prosent av luftprøvene frå Oslo

Dei nye resultata viste også at bildekkpartiklar dominerer i luftprøver frå urbane område. 68 prosent av mikroplastpartiklane i lufta i Sofienbergparken i Oslo var bildekkpartiklar.

Nivåa i storbylufta er ti gonger høgare enn ved den mindre urbane overvakingsstasjonen i Agder.  I Oslo vart bildekkpartiklar påviste i heile 95 prosent av prøvene, medan det på Svalbard vart funne i ni prosent av prøvene.

Sjølv om det er mykje høgare nivå av mikroplast i lufta i Oslo enn på Svalbard, stadfestar årets funn resultata i fjor som viste langtransport av mikroplast til avsidesliggjande strøk.

Langtransportert forureining av bildekkpartiklar til Arktis er urovekkjande.

Bekymringsverdige kjemikaliar blir sleppte ut i miljøet

For at bildekk skal oppnå ulike eigenskapar, mellom anna gripeevne, blir ulike kjemiske stoff tilsette. Nokre av desse stoffa er bekymringsverdige kjemikaliar som vi ikkje ønskjer i miljøet, som til dømes 6PPD.

Tidlegare miljøovervaking har vist høge nivå av 6PPD i norske miljøprøver. Sidan vi veit at bildekk inneheld 6PPD er mikroplastutslepp frå bildekk ei mogleg kjelde til dette.  

Tiltak mot spreiing av mikroplast frå bildekk

Avrenning frå tette overflater og vegar i byane er ei av dei viktigaste kjeldene for bildekkpartiklar til miljøet. Dei gode nyheitene er at noko av spreiinga til miljøet kan avgrensast.

Kummar med sandfang som samlar opp partiklar frå regnvatn kan halde tilbake noko av mikroplasten. Berre i Oslo kommune er det omtrent 30 000 sandfang.

I Mikronor-undersøkinga vart det samla inn vass- og sedimentsmassar frå 13 sandfang i Oslo. Resultata viser at bildekkpartiklar utgjer ein stor del av mikroplasten i sandfangane.

Dette viser at det er avgjerande å reinse overvatn frå by før det blir sleppt ut i naturen. Det er viktig at desse sandfangane blir haldne ved like for å opprette funksjonen.

Andre aktuelle tiltak som kan minske spreiinga av bildekkpartiklar er regnbed og andre tiltak for overvatn i byar, og reinsedammar for vegvatn og tunnelvaskevatn.

Det blir også jobba med regelverk på sjølve bildekkutforminga med kommande EU-regelverk for partikkelutslepp Euro7-regelverket og kommande økodesignkrav for bildekk.