Synfar stien

Ei synfaring skal gi oversikt over tilstanden til stien, korleis han blir brukt, og kva utfordringar som finst langs traseen.

Sjå heile strekninga i samanheng, ikkje berre dei stadene der det er synlege skadar. Registrer både det som fungerer godt, og det som ikkje fungerer.

Stien bør synfarast under ulike vêrforhold og årstider. Særleg under snøsmelting og etter mykje nedbør kan ein oppdage problem med vatn som ikkje er synlege i tørt vêr.

Det er viktig å fange opp endringar tidleg, slik at ein kan førebyggje større skadar.

Kva bør du sjå etter?

<bildekarusell>

Sjå spesielt etter

  • vatn som renn i eller kryssar stien, og kvar vatnet samlar seg
  • erosjon, utvasking, gjørme og andre skadar på stisporet
  • utviding av stien, parallelle spor og ferdsel utanfor traseen
  • attgroing som påverkar stisporet
  • teikn til aukande ferdsel eller endra bruk
  • slitte eller øydelagde vassrenner, gangbanar og andre eksisterande tiltak
  • parti der stien fungerer godt, og kva som kjenneteiknar desse
  • påverknad på vegetasjon, sårbar natur og landskapet utanfor sjølve stisporet

Dokumenter det du ser

Dokumenter viktige observasjonar med bilete, kart og notat. Omfanget av dokumentasjonen må tilpassast stien og utfordringane.

Ta gjerne bilete frå dei same stadene over tid. Det hjelper deg å følgje med på utviklinga.  

Årsakene og behovet for tiltak vurderer du vidare i steg 2: Forstå og steg 3: Vel.

Kontakt grunneigar

Før du startar arbeidet med å kartleggje og planleggje tiltak på ein sti, bør du ta kontakt med grunneigaren.

Grunneigaren kjenner ofte området godt og kan ha viktig kunnskap om stien, ferdselen, vassforholda og tidlegare tiltak. Tidleg dialog kan også avdekkje omsyn til landbruk, naturverdiar og annan bruk av eigedomen.

Start med å be om aksept for å undersøkje stien og utarbeide ei enkel prosjektskisse – ikkje om løyve til å byggje.

Forklar at målet er å dokumentere tilstanden, vurdere eventuelle problem og lage eit grunnlag som grunneigaren kan ta stilling til.

Dersom grunneigaren ikkje ønskjer at arbeidet skal gå vidare, må dette avklarast før ein bruker ressursar på vidare prosjektplanlegging.

Ei prosjektskisse gir ikkje i seg sjølv løyve til å gjennomføre tiltak. Eventuelle inngrep må avklarast særskilt med grunneigaren og andre aktuelle myndigheiter.

God dialog med grunneigaren er ein føresetnad for eit godt stiprosjekt.