Døme på naturbaserte løysingar i vassdrag og våtmark

Bevare, restaurere og reetablere kantvegetasjon

Betydninga for klimatilpassing

Vegetasjon langs vassdrag stabiliserer elveskråningar og hindrar erosjon ved at røter bind jordsmonnet og tar opp vatn. Kantvegetasjonen tar også opp næringsstoff frå avrenning frå omliggjande jordbruksareal og fungerer dermed som ein "buffer" for forureining til vassdraget. Det finst eit omfattande regelverk for å setje rammer for tiltak rundt kantvegetasjon, blant anna i vassressurslova, landbrukslovgivinga og plan- og bygningslova.

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse:

  • Flaum: Ved å redusere fart på vatnet

  • Erosjon: Ved å stabilisere elveskråningar

  • Temperaturauke: Tre og vegetasjon bidreg til lokal klimaregulering ved å gi le mot regn, vind eller sterk sol, og ved å redusere høge sommartemperaturar.

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Vegetasjonen langs elvar har mykje å seie for det biologiske mangfaldet, både i vatn og på land. Buskar og tre langs elvar og bekker kan ha stort biologisk mangfald og vere levestad for ei rekkje ulike insekt, fuglar, amfibium og små pattedyr. Kantsoner har også fleire funksjonar som er viktige for fisk, spesielt med omsyn til mattilgang og habitat. Dei gir mellom anna skjul for fisken og regulerer temperatur. Kantvegetasjon i form av stadegne tre og buskar, altså opphaveleg natur, kan også redusere utbreiinga av framande artar.

Føresetnader

Bruk stadegne tre og buskar ved reetablering av kantsoner. 

Andre effektar tiltaket kan gi 

  • Forbetra luftkvalitet: Tre og annan vegetasjon fangar svevestøv, svoveldioksid (SO2) og nitrogendioksid (NO2) som kan vere skadeleg for menneske i store dosar

  • Temperaturregulering: Tre og vegetasjon bidreg til lokal klimaregulering ved å gi le mot regn, vind eller sterk sol, og ved å redusere høge sommartemperaturar. 

  • Støyreduksjon: Vatn og vegetasjon absorberer lydbølgjer.

  • CO2-opptak og lagring: Ved fleirårig vegetasjon som buskar og tre, kan tiltaket bidra til auka opptak og lagring av CO2, både over og under bakken. 
  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

Nyttige lenker

Relevante berekraftsmål 

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid