Våtmark
Betydninga for klimatilpassing
Med våtmark menes natur som for eksempel myr, sumpskog eller mindre vatn i landskapet.
Intakte våtmarker (både naturlege, restaurerte eller konstruerte) har ein viktig rolle i å regulere hydrologiske forhold og kan virke flaumdempende ved at vatn blir halde tilbake i våtmarksarealet. Intakte våtmarker kan verke flaumdempande inntil makskapasiteten er nådd. Våtmarker kan også bidra til vasstilførsel og etterfylling av grunnvatn i tørkeperiodar og redusere spreiinga av brann i utmark (skogbrann, torvbrann, lyngbrann osv).
Naturlege eller konstruerte våtmarker kan fungere som ein buffer mot flaum ved at vatn blir halde tilbake i våtmarksarealet. Våtmarker kan også bidra til vasstilførsel og etterfylling av grunnvatn i tørkeperiodar og reduserer spreiing av skogbrann.
Små våtmarker som blir etablerte i utbygde område blir gjerne kalla for "lommevåtmark".
Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse
- Flaumdemping: Intakte våtmarker kan verke flaumdempande inntil makskapasiteten er nådd
- Tørke: Våtmark kan i tørkeperioder motverke brann i utmark
Korleis styrkar tiltaket naturmangfald
Våtmarker har eit stort biologisk mangfald, både av artar og naturtypar. I våtmarkane lever fleire hundre karplantar, og dei fleste av dei 50 torvmoseartane i Noreg. I tillegg finst det mange artar av insekt og amfibia. Mange artar er heilt avhengig av våtmarkene og dei spesielle forholda for å overleve. Våtmarkene er også svært viktig for fuglelivet. Dei fungerer som hekkeområde, rasteplass under trekk, næringsområde, overvintringsplass, og er ein trygg stad mens dei skiftar fjørdrakt. Gjennom bevaring, restaurering eller etablering av våtmarker kan ein sikre robuste økosystem og samanhengande naturområde der artar kan tilpasse seg klimaendringar gjennom evolusjon, flytting av leveområde eller anna tilpassing.
Føresetnader
Våtmark blir "metta" i lengre periodar med jamn nedbør. I periodar med langvarig nedbør vil våtmark derfor ha avgrensa evne til dryging. Dette må vektleggjast ved vurdering av tiltak, eksempelvis ved at det blir etablert fleire tiltak.
Andre effektar tiltaket kan gi
- Reinsing av vann: Våtmark som myr kan bidra til å betre vasskvalitet, redusere eutrofiering/avrenning frå omkringliggande areala.
- CO2-opptak og lagring: Våtmark som myr med djupe torvlag er den våtmarkstypen som lagrar mest karbon. Anna våtmark enn myr kan også vere karbonlager, sjølv om desse typisk inneheld meir mineraljord og dermed ikkje er like store karbonlager som myr (pr. arealeining).
- Naturoppleving/naturarv: Det er store ikkje-bruksverdiar knytte til å bevare norsk natur og naturmangfald. For mange menneske har det ein verdi å vite at naturen blir bevart for framtidige generasjonar (arveverdi), og/eller at andre menneske kan oppleve eller bruke naturområda i dag eller i framtida (altruistisk verdi). Nokon verdset også å vite at naturverdiane blir bevarte for framtida, utan at det er knytt til eigen eller bruken til andre (eksistensverdi).
- Regulering av grunnvatn: Våtmarker kan også bidra til vasstilførsel og etterfylling av grunnvatn i tørkeperiodar.
Nyttige lenker
- Søk om tilskudd til naturrestaurering(Miljødirektoratet)
- Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL): Etablering og vedlikehold av våtmarkar (Landbruksdirektoratet)
- Aurstadmåsan, Kaldvassmyra og Hildremsvatnet (Verdal)
- Restaurering av Rørvikvatnet naturreservat (statsforvalteren.no)(Giske)
- Verdens våtmarksdag (Statsforvalteren i Agder)
- Restaurering av natur (miljodirektoratet.no)
- Plan for restaurering av våtmark i Norge (2021-2025) (miljodirektoratet.no)
- Naturstrategi for våtmark (regjeringen.no)
- Verdien av økosystemtjenester fra våtmark (Menon)