Naturbaserte løysingar ved busetnad og infrastruktur

Grøne tak og vegger

Betydinga av tiltaket for klimatilpasning

Grøne tak og veggar er vegetasjonskledde overflater på byggverk. Når grøne tak blir konstruerte slik at vatn kan lagrast i massane under vegetasjonen, blir dei kalla blågrøne tak. Taka kan dempe avrenning ved at vatn renn saktere vekk frå taket og ned til bakken/avløpsnettet. Dette reduserer overbelastninga ved mykje regn. Grøne tak som blir metta av vatn fungerer lik eit vanleg tak, fram til det blir gjord plass til meir regnvatn.  

Grøne tak kan delast inn i ulike typar, etter korleis dei er bygd opp. Oppbygginga påverkar kor mykje vatn dei absorberer. Her er nokre døme:    

  • Ekstensive tak: Rimelege og lette, med enkel vegetasjon som klarer seg sjølv utan vatning og med avgrensa skjøtsel.
  • Semi-intensive tak : Tilrettelagt for meir krevjande vegetasjon, med litt tjukkare vekstmassar, der ein må følgje opp med vatning i tørre periodar.
  • Intensive tak: Takhagar og prydtak med tjukke vekstmassar. Krev regelmessig oppfølging med vatning og anna stell. Intensive tak kan fordryge meir og har dermed større effekt ved mykje regn.

I tillegg til å bidra med klimatilpassing, vil grøne tak vere eit supplement til grønstrukturen i byen og auke den estetiske kvaliteten i byen. Dei kan også verke avkjølande på varme dagar og brukast til dyrking av mat.

Tiltaket vil også kunne forlengje levetida til taket ved at vegetasjonen vernar takkonstruksjon og membran.

Biokol (jordforbetringsmiddel som bind og lagrar CO2) kan også ha god effekt på grøne tak, ved at det forbetrar jordstrukturen og gir langsamare avrenning av vatn. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Overvatn, ved dryging og evapotranspirasjon
  • Temperaturauke, ved at taka har ein isolerande/kjølande effekt

Korleis styrkar tiltaket biologisk mangfald

Det biologiske mangfaldet aukar ved at vegetasjonen kan bli til leveplass for insekt og fuglar. Det kan også leggjast til rette som ein levestad for raudlista artar.

Føresetnader

Det er stor variasjon i kor stor evne grøne tak har til å handtere overvatn/forseinke avrenning. Mengda nedbør taket kan halde på, aukar med jordtjukna. Svartelista plantar skal ikkje brukast på grøne tak. Taka må heller ikkje overgjødslast slik at avrenninga gir oksygensvinn, algevekst og sjenerande lukt i dammar, og andre tiltak for dryging som samlar opp avrenning frå taket. 

Andre effekar tiltaket kan gi

  • Forbetra luftkvalitet: Tre og annan vegetasjon fangar svevestøv, svoveldioksid (SO2) og nitrogendioksid (NO2) som kan vere skadeleg for menneske i store dosar

  • Mikroklima: Tre og vegetasjon bidrar til lokal klimaregulering ved å gi le mot regn, vind eller sterk sol og ved å redusere høge sommartemperaturar. Opne vassflater har ein svalande effekt om sommaren.

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

Matproduksjon: Naturbaserte løysingar kan leggje til rette for sanking/bærplukking, fiske, jakt eller dyrking av nyttevekstar.

Nyttige lenker

Relevante berekraftsmål 

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid