Grøne arealer
Betydinga for klimatilpasning
Grønstruktur består av små naturprega område og omfattar parkar, turdrag, friområde og andre areal med naturprega vegetasjon. Avhengig av utforming og type vegetasjon vil grøn struktur redusere avrenning gjennom infiltrasjon og evapotranspirasjon. Fordamping og skugge frå vegetasjonsdekket bidreg også til å seinke temperaturen i eit område, til dømes ved ei heitebølgje. Større tre kan gi le for vind. Tre og buskar bidreg til å reinse lufta, og til å kaste skugge på varme dagar. Grøntområda i byar og tettstader har også betydning for bylandskap, trivsel og folkehelse.
Grøne korridorar kan bestå av trerekkjer, parkdrag, grønstruktur langs elvar og bekkar, etc. Dette er samanhengande grøntareal som gir grøne samband mellom viktige område. Dei kan til dømes knyte saman parkar, vassdrag og større markaområde, og aukar samtidig andelen areal med evne til å handtere overvatn og kjøle ned lufttemperaturen. Fordamping og skugge frå vegetasjonsdekket bidreg også til å seinke temperaturen i eit område, til dømes ved ei heitebølgje. Større tre kan gi le for vind. Tre og buskar bidreg til å reinse lufta, og til å kaste skugge på varme dagar.
Kommunen bør vurdere grøne areal i alle arealplanar i nærområda til byar og tettstader. Kommunen bør vurdere korleis grøne areal blir påverka når ein planlegg ny utbygging. I reguleringsplanar bør ein sørgje for å oppretthalde eksisterande grønstruktur, eventuelt etablere ny, eller gjenetablere tidlegare grønstruktur som har gått tapt. Kommunen bør også vurdere om det er grå område, t.d. industriområde som ikkje lenger er i bruk, som kan transformerast til grønstruktur.
Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse
- Overvatn, ved infiltrasjon og evapotranspirasjon
- Temperaturauke, ved at trær og vegetasjon seinkar temperaturen ved skugge og evapotranspirasjon
Korleis styrkar tiltaket naturmangfald
Grønstruktur er grunnleggjande for å bevare det biologiske mangfaldet i byar og tettstader. Velfungerande økosystem og sona for forflytting aukar dessutan sjansane for at plantar og dyr klarer å tilpasse seg eit endra klima. Ved å transformere grå område kan naturmangfaldet bli styrka ved å bruke stadbunden vegetasjon.
Føresetnader
- Arealkrevjande
Andre effektar tiltaket kan gi
-
Forbetra luftkvalitet: Tre og annan vegetasjon fangar svevestøv, svoveldioksid (SO2) og nitrogendioksid (NO2) som kan vere skadeleg for menneske i store dosar
-
Mikroklima: Tre og vegetasjon bidrar til lokal klimaregulering ved å gi le mot regn, vind eller sterk sol og ved å redusere høge sommartemperaturar. Opne vassflater har ein svalande effekt om sommaren.
-
Støyreduksjon: Vatn og vegetasjon absorberer lydbølgjer.
-
Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.
-
CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken
-
Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.
-
Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.
-
Stadsidentitet og kulturarv: Naturelement kan formidle historia eller identiteten til ein stad.
-
Matproduksjon: Naturbaserte løysingar kan leggje til rette for sanking/bærplukking, fiske, jakt eller dyrking av nyttevekstar.
Nyttige lenker
- Natursats (Miljødirektoratet)
- Nygårdsparken, Bergen
- Den grønne akse, Bergen
- Møllendalselven elvepark, Bergen
- Løvstien, Bergen
- Oldemors hage, Oslo
- Pilestredet park, Oslo
- Kolonihagene, Oslo
- CityTree, Oslo
- Grorudparken, Oslo
- Bjerkendalen park, Oslo
- Alna miljøpark, Oslo
- Marka, Oslo
- Sankt kjeld’s klima kvarter og bryggervangen, København
- Jaktgatan, Stockholm
- Veileder: Planlegging av grønnstruktur i byer og tettsteder (Miljødirektoratet)
- Grønnstruktur i arealplanlegging (Miljødirektoratet)
- A catalogue of nature-based solutions for urban resilience
- Green streets (NRC solutions)