Naturbaserte løysingar i jordbrukslandskap

Fangvekstar

Betydinga for klimatilpassing

Fangvekstar er ulike typar gras og plantar som kan bidra til klimatilpassing av jordbruket. Dei har eigenskapar som gjer at avlinga til hovudveksten i lita grad blir påverka.
 
Vekstane forbetrar jordstrukturen ved hjelp av røtene, aukar infiltrasjonen av regnvatn og tek opp næringsstoff frå jordsmonnet. Dei tek også opp regnvatn gjennom haust, vinter og vår, der det elles ikkje ville vore plantar til å ta opp vatn. Fangvekstane kan vidare brukast til å stabilisere skråningar i ulike område eller til å verne jorda mot erosjon etter at hovudveksten er hausta. Det vil igjen hindre avrenning til nærliggjande vassdrag. 
 
I tillegg til å vere nyttige for klimatilpassing, medverkar fangvekstar til auka karbonlagring i jorda. 

Klimautfordringar tiltaket kan medverke til å løyse

  • Reduserer erosjon ved at røtene stabiliserar jorda, bremser hastigheita på avrenninga og aukar infiltrasjonen
  • Reduserer overvatn ved hjelp av dryging

Korleis styrkar tiltaket biologisk mangfald

Fangvekstar styrkjer biologisk mangfald ved å gi habitat og mat for ei rekkje insekt, smådyr og fuglar. Dette gjeld særleg blomstrande fangvekstar som til dømes vikker og honningurt. Røtene er viktige for jordlevande organismar. Ved å bruke ulike typar fangvekstar vil også biodiversiteten auke, då kvar planteart tiltrekkjer seg ulike typar dyr. 
 

Andre effektar tiltaket kan gje

  • Erosjonskontroll: Vegetasjon med store rotsystemer forhindrer erosjon ved at røtene held jorda på plass.

  • Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.

  • CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken

Nyttige lenker

Relevante berekraftsmål


 

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid