Naturbaserte løysingar ved kystområde

Bevare og restaurere naturtypar i fjæra og på havbotnen

Betydninga for klimatilpassing

Naturtypar (til dømes tareskog, ålegras og strandsump) som lagar tredimensjonale strukturar absorberer bølgjeenergi, og beskyttar kysten mot erosjon frå bølgja og stormflo. Gjennom å bevare og restaurere desse naturtypane kan energien frå bølgjene reduserast og dei kan verke saman for å verne kystlinja mot erosjon og skade frå stormar og høgvatn. Dette er særleg viktig i område som er utsetje for stigande havnivå. Tareskogar kan dempe bølgjer, ålegras og strandsump tar opp karbon og næringsstoff frå avrenning i tillegg til å dempe bølgjer. Tette førekomstar av skjell kan stabilisere blautbotn.

For å oppretthalde klimarobuste naturtypar i fjæresonen, så vil bevaringstiltak som gir rom til at naturtypar i sjø- og fjæresonen kan vandre inn og opp på land i bakkant av flomålet være viktige. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Flaumdemping (som følgjer av havnivåstigning og stormflo)
  • Dempar høgda, varigheita og energien til bølgjene og hindrar erosjon av sjøbotn og kystlinja

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Arter og naturtypar kan lettare tilpasse seg havnivåstigning og flytte seg innover. Naturtypar som er viktige for klimatilpassing er også leve-, skjul, gyte-, oppvekst- og eteområde for mange fiskar og andre dyr. Naturtypane bidreg til redusert bølgjeenergi som kan beskytte kysthabitatet som er viktige for biologisk mangfald. Ålegrassenger gir skjul og mat til fiskeyngel.

Tareskoger har flere trua naturtypar. Sukkertareskog er sterkt trua, nordleg er fingertarebotn sårbar, og nordleg stortareskog er nært trua. Eksponert blåskjellbunn er i kategori sårbar.

Andre effektar tiltaket kan gi 

  •  
  • Reinsing av vatn: Alger, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem og den tredimensjonale veksten bidreg fysisk som eit filter. Skjell bidreg og til å reinse vatn.
  • Erosjonskontroll: Rotsystema til ålegras forhindrar erosjon ved at røtene held sediment på plass.
  • CO2-opptak og lagring: Gjennom fotosyntesen blir lagra CO2 som karbon over og i sediment. Bevaring/auking av naturtypar i havet vil bidra til både karbonopptak og -lagring. Ålegras fangar/tilfører karbon og oksygen til sedimenter og gamle tette ålegrasenger bind tjukke sedimentlag. Tareskogar og strandsumpar har betydeleg kapasitet å omsette karbon.
  • Matproduksjon: Gjennom viktige gyte- og oppvekstsområde for fisk

Nyttige lenker

Relevante berekraftsmål

 

 

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid