Naturbaserte løysingar ved kystområde

Bevare og restaurere sanddyner

Betydninga for klimatilpassing

Å restaurere og aktivt vedlikehalde naturlege og dynamiske sanddyner, inkludert påfylling av sand, kan bidra til å redusere bølgjeenergi og overfløyming av område lenger inn på land. Ein kan bevare og stabilisere eit sanddynelandskap ved å tilføre sand som ein barriere utanfor kysten.

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Flaum: Ved å dempe havnivåstiging og stormflo
  • Erosjon: Ved å dempe bølgjepåslag
  • Redusere sjøvatnsalt i jordsmonn: Saltinntrenging grunna havnivåstiging og stormflo

Korleis tiltaket styrkar naturmangfaldet

Sanddyner langs kysten inneheld ei rekkje spesialiserte artar av plantar og sopp, og ei rekkje sjeldne og raudlista artar, særleg varmekjære artar i sørlege delar av Noreg. Sanddynemark og sandstrender har også vist seg å vere viktige pionerområde for naturleg innvandrande artar til Noreg, spesielt karplantar.

Føresetnader

Tiltaket er berre aktuelt der det frå før finst naturlege sanddyner. 

Andre effektar tiltaket kan gi

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet, og redusere stress og psykiske helseplagar. Sanddyner er ofte svært populære turistmål, der kjende område som Jærstrendene har anslagsvis 1 million besøkende i året.  
  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

Nyttige lenker

Relevante bærekraftsmål

 

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid