Naturbaserte løysingar i vassdrag og våtmark

Bevare, restaurere og etablere flaumslettar

Betydninga for klimatilpassing

Ei flaumslette er eit flatt areal langs eit vassdrag som blir fløymt over ved høg vasstand og flaum. Dette reduserer flaumfaren nedover i vassdraget fordi vatn dryges (vatnet blir halde tilbake for å dempe og forseinke vatnavrenninga til område som ligg nedstraums) og blir infiltrert på flaumsletta. Ei flaumslette kan redusere farten på vatnet, erosjon og flaumtoppar. Flaumsletter har stor kapasitet for å lagre vatnet og har derfor naturleg ein flaumdempande effekt.

Mange stader er det etablerte vollar langs vassdrag som hindrar elva i å nå dei naturlege flaumslettene sine. Ved å fjerne slike vollar kan ein reetablere tidlegare flaumslettar.

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Flaumdemping

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Flaumlettar er blant dei mest biologisk produktive områda i verda. I tillegg til gode næringsforhold fører den stadige endringa i vassføring og temperatur til at habitatstrukturen på flaumslettene er heterogen i tid og rom. Dette har ført til at flaumslettene er svært artsrike, med artar som har tilpassa seg eit miljø som alternerer mellom flaum og tørke.

Føresetnader

  • Areakrevjande

Tilleggseffektar tiltaket kan gi

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

  • Stadsidentitet og kulturarv: Naturelement kan formidle historia eller identiteten til ein stad.

  • Matproduksjon: Flaumslettar kan brukast til beite eller annan landbruksproduksjon.

Nyttige lenker

Relevante berekraftsmål

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid