Opning av lukka elvar og bekkar
Betydninga for klimatilpassing
Opning av lukka elvar og bekkar som i dag ligg i røyr, kan bidra til å handtere større vassmengder. Saman med andre tiltak gir bekkeopning trygge flaumvegar. Opning kan også bidra til å handtere overvatn betre, fordi mengda overvatn som blir handtert ved ekstremnedbør er mykje høgare med opne løysingar enn viss overvatnet har gått i røyr med avgrensa dimensjon under bakken.
Opne elvar, bekkar og vasspeglar er med å på å regulere blant anna temperatur og luftfukt. Vatn absorberer varme på sommarstid og gir varme på vinterstid, og trea kan gi skugge i sommarhalvåret.
Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse
- Flaumdemping
- Handtering av overvatn
- Temperaturregulering
Korleis styrkar tiltaket naturmangfald
Tiltaket kan styrke naturmangfaldet ved at det blir skapt nye leveområde for vatnlevande organismar, plantar, fuglar og vilt.
Føresetnader
I urbane område kan elve- og bekkeopningar ikkje bli fullgod økologisk restaurert, då avgrensa areal gjer det umogleg å få nok plass til naturlege prosessar med meanderar, flaumsone og naturleg kantvegetasjon. På grunn av infrastruktur under bakken (kjellarar, tunnelar) kan urbane vassdrag ofte heller ikkje ha naturleg utveksling av vatn med grunnvatn, men ligg ofte på duk. Det gir totalt sett kanalprega vassdrag, med færre tilleggsverdiar enn eit elve- og bekkeløp med naturlege sediment, meandrering, flaumsone og kantvegetasjon.
Tilleggseffektar tiltaket kan gi
- Reinsing av vatn: Det skjer ei naturleg vassreinsing i opne elvar og bekkar ved at sedimentering av forureinande partiklar og vegetasjon fangar opp næringsstoff. Sollys og oksygen gjer også at helsefarlege bakteriar blir brote ned raskare. Næringsstoff i vatnet som ein elles ville brukt ressursar på å filtrere bort, er naturleg gjødsel for vassplantane som dermed reinsar vatnet for oss.
- Støy/støv-reduksjon: Vegetasjon rundt gjenopna elvar og bekkar kan bidra å fange opp støvpartiklar og til demping av lydar frå blant anna trafikk, og lydane frå elva/bekken bidreg til eit naturleg, lokalt lydbilete.
- Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Grøne omgivnader langs elver/bekker kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.
-
Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.
- Stadsidentitet, kulturarv: Naturelement kan formidle eit stads historie eller identitet. Elvar og bekker i urbane strøk har ofte ei historie knytt til seg, til dømes som vasskjelde, vassverk eller kopla til industri. Gjenopning kan gjere det mogleg å følgje vassdraga for eksempel frå fjorden til marka, gjerne med formidling av historie langs elva/bekken.
Nyttige lenker
- Tilskudd for å bedre miljøstanden i vann (Miljødirektoratet)
- Natursats (NVE)
- Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL): Gjenåpning av bekkelukkingar (Landbruksdirektoratet)
- Hovinbekken, Oslo
- Ilabekken, Trondheim:
- Bekkeåpning, Klæbu
- Gjenåpning av Sælenvassdraget, Bergen
- Vann mellom Lungegårdsvannene, Bergen
- Grensebekken, Haugesund
- Hølaløkka, Oslo
- Bjerkedalen park, Oslo
- Bekkeåpning som klimatilpasningstiltak. En overordnet og flerfaglig anvisning (SINTEF)
- Gjenåpning av elver og bekker i Oslo 2022 (Oslo kommune, styringsdokument)
- Nasjonal strategi for restaurering av vassdrag 2021-2030 (Vannportalen)
- Evaluering av bekkeåpningsprosjekter med naturbaserte løsninger i Alnas nedbørsfelt (Miljødirektoratet)
- Økosystemtjenester fra grønnstruktur i norske byer og tettsteder (Miljødirektoratet)