Naturbaserte løysingar i vassdrag og våtmark

Bevare og restaurere innsjøar og vassdrag

Betydinga for klimatilpassing

Innsjøar og vassdrag og annen natur som blir naturlig oversvømt kan fungere som naturlige buffere og virke flaumdempande, og har samtidig ein regulerande effekt på lufttemperatur ved at vatnet tar opp varme om sommaren og gir varme om vinteren. Å bevare eller restaurere innsjøar og vassdrag bidreg til klimatilpassing ved å sørgje for dryging, det vil seie at avrenninga til andre område blir redusert, og til å gi flaumvatnet en veg.

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Flaum
  • Overvatn
  • Temperaturauke

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Bevaring og restaurering av innsjøar og vassdrag kan ha stor betydning for naturmangfald, då det bidreg med næring og habitat for ei rekkje artar. 

Føresetnader

I urbane miljø eller i nærleiken av veganlegg kan det vere aktuelt med sandfang, sedimentasjons(kammer)basseng eller reinsedam som fangar opp sediment og forureiningsstoff før dei hamnar i innsjø eller vassdrag. 

Andre effektar tiltaket kan gi

  • Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.

  • CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

  • Stadsidentitet og kulturarv: Naturelement kan formidle historia eller identiteten til ein stad.

  • Matproduksjon: Naturbaserte løysingar kan leggje til rette for sanking/bærplukking, fiske, jakt eller dyrking av nyttevekstar.

Nyttige lenker

Relevante bærekraftsmål

 

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid