Bruk eit oppdatert norsk språk
Unngå gammaldagse ord og uttrykk.
Vel oppdaterte og konkrete ord
Vel ord som er nært opptil daglegspråket, når det er mogleg.
Døme:
- då i betydninga fordi (bruk heller fordi, sidan, ettersom)
- herunder (bruk heller medrekna, irekna, inkludert, som, til dømes)
- samt (bruk heller og, og dessutan, i tillegg)
- vedrørande (bruk heller om, i samband med, som gjeld, som heng saman med)
- angåande (om, når det gjeld, som gjeld)
Unngå fyllord og unødvendige presiseringar
Fjern fyllord og presiseringar som ikkje gir setninga meir informasjon. Her er nokre tips:
- Fjern ord som betyr lite eller ingen ting (ein slags, faktisk, det kan synast/verke som, generelt, relativt).
- Ikkje bruk fleire ord som seier det same etter kvarandre (kontakt og samarbeid med).
- Vel det kortaste alternativet når betydninga er den same (oppnå formålet = nå målet, som følgje av dette = derfor, ovanfor = over).
- Unngå unødvendige nektande utsegner (ikkje tilfredsstillande = mangelfull, ikkje sjeldan = ofte).
Bruk bindeord
Bindeord som viss, dersom, derfor, altså, likevel og fordi uttrykkjer samanhengar og motsetningar i tekstane. Dei er særleg viktige i vurderingar, der lesarane skal kunne følgje resonnementet til Miljødirektoratet og forstå kvifor vi har teke ei avgjerd.
Døme (bindeord utheva):
Vi har ikkje nok kunnskap om kor stort problem opptak av mikroplast og nanoplast er for menneske og dyr, og det er derfor nødvendig med tiltak som hindrar spreiing av plast.
Statens vegvesen reduserer mengda plast ved å bruke elektroniske tennarar og armering av stål i sprøytebetongen. Vi meiner likevel at tiltaket er så stort og omfattande at faren for spreiinga av plast ved fyllingsfot bør overvakast jamleg.
Vi fører derfor vidare vilkåret frå Statsforvaltaren om å overvake spreiing av plast.
Set om dei engelske fagomgrepa
Som offentleg etat skal vi bidra til at norsk kan brukast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet. Vi skal bidra med eit språk som gjer det mogleg for folk å vere aktive samfunnsborgarar og diskutere klima- og miljøspørsmål. Det vil også seie at vi må setje om omgrep frå andre språk.
Døme på ord vi har omsett:
- Modal shift: transportmiddelskifte
- Salt marshes: tidvasseng