Busetnad og infrastruktur
Døme på naturbaserte løysingar ved busetnad og infrastruktur.
Det finst naturbaserte løysingar for ei rekkje effektar av klimaendringar, mellom anna flaum, overvatn, havnivå og stormflo, skred, nedbør, temperatur og tørke.
I dei døma som her blir vist fram er søkjelyset på klimatilpassing, og eventuell reduksjon av klimagassutslepp og karbonopptak/-lagring vil vere ein tilleggseffekt.
Grøne arealer
Betydinga for klimatilpasning
Grønstruktur består av små naturprega område og omfattar parkar, turdrag, friområde og andre areal med naturprega vegetasjon. Avhengig av utforming og type vegetasjon vil grøn struktur redusere avrenning gjennom infiltrasjon og evapotranspirasjon. Fordamping og skugge frå vegetasjonsdekket bidreg også til å seinke temperaturen i eit område, til dømes ved ei heitebølgje. Større tre kan gi le for vind. Tre og buskar bidreg til å reinse lufta, og til å kaste skugge på varme dagar. Grøntområda i byar og tettstader har også betydning for bylandskap, trivsel og folkehelse.
Grøne korridorar kan bestå av trerekkjer, parkdrag, grønstruktur langs elvar og bekkar, etc. Dette er samanhengande grøntareal som gir grøne samband mellom viktige område. Dei kan til dømes knyte saman parkar, vassdrag og større markaområde, og aukar samtidig andelen areal med evne til å handtere overvatn og kjøle ned lufttemperaturen. Fordamping og skugge frå vegetasjonsdekket bidreg også til å seinke temperaturen i eit område, til dømes ved ei heitebølgje. Større tre kan gi le for vind. Tre og buskar bidreg til å reinse lufta, og til å kaste skugge på varme dagar.
Kommunen bør vurdere grøne areal i alle arealplanar i nærområda til byar og tettstader. Kommunen bør vurdere korleis grøne areal blir påverka når ein planlegg ny utbygging. I reguleringsplanar bør ein sørgje for å oppretthalde eksisterande grønstruktur, eventuelt etablere ny, eller gjenetablere tidlegare grønstruktur som har gått tapt. Kommunen bør også vurdere om det er grå område, t.d. industriområde som ikkje lenger er i bruk, som kan transformerast til grønstruktur.
Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse
- Overvatn, ved infiltrasjon og evapotranspirasjon
- Temperaturauke, ved at trær og vegetasjon seinkar temperaturen ved skugge og evapotranspirasjon
Korleis styrkar tiltaket naturmangfald
Grønstruktur er grunnleggjande for å bevare det biologiske mangfaldet i byar og tettstader. Velfungerande økosystem og sona for forflytting aukar dessutan sjansane for at plantar og dyr klarer å tilpasse seg eit endra klima. Ved å transformere grå område kan naturmangfaldet bli styrka ved å bruke stadbunden vegetasjon.
Føresetnader
- Arealkrevjande
Andre effektar tiltaket kan gi
-
Forbetra luftkvalitet: Tre og annan vegetasjon fangar svevestøv, svoveldioksid (SO2) og nitrogendioksid (NO2) som kan vere skadeleg for menneske i store dosar
-
Mikroklima: Tre og vegetasjon bidrar til lokal klimaregulering ved å gi le mot regn, vind eller sterk sol og ved å redusere høge sommartemperaturar. Opne vassflater har ein svalande effekt om sommaren.
-
Støyreduksjon: Vatn og vegetasjon absorberer lydbølgjer.
-
Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.
-
CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken
-
Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.
-
Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.
-
Stadsidentitet og kulturarv: Naturelement kan formidle historia eller identiteten til ein stad.
-
Matproduksjon: Naturbaserte løysingar kan leggje til rette for sanking/bærplukking, fiske, jakt eller dyrking av nyttevekstar.
Nyttige lenker
- Natursats (Miljødirektoratet)
- Nygårdsparken, Bergen
- Den grønne akse, Bergen
- Møllendalselven elvepark, Bergen
- Løvstien, Bergen
- Oldemors hage, Oslo
- Pilestredet park, Oslo
- Kolonihagene, Oslo
- CityTree, Oslo
- Grorudparken, Oslo
- Bjerkendalen park, Oslo
- Alna miljøpark, Oslo
- Marka, Oslo
- Sankt kjeld’s klima kvarter og bryggervangen, København
- Jaktgatan, Stockholm
- Veileder: Planlegging av grønnstruktur i byer og tettsteder (Miljødirektoratet)
- Grønnstruktur i arealplanlegging (Miljødirektoratet)
- A catalogue of nature-based solutions for urban resilience
- Green streets (NRC solutions)
Relevante berekraftsmål
Grøne tak og vegger
Betydinga av tiltaket for klimatilpasning
Grøne tak og veggar er vegetasjonskledde overflater på byggverk. Når grøne tak blir konstruerte slik at vatn kan lagrast i massane under vegetasjonen, blir dei kalla blågrøne tak. Taka kan dempe avrenning ved at vatn renn saktere vekk frå taket og ned til bakken/avløpsnettet. Dette reduserer overbelastninga ved mykje regn. Grøne tak som blir metta av vatn fungerer lik eit vanleg tak, fram til det blir gjord plass til meir regnvatn.
Grøne tak kan delast inn i ulike typar, etter korleis dei er bygd opp. Oppbygginga påverkar kor mykje vatn dei absorberer. Her er nokre døme:
- Ekstensive tak: Rimelege og lette, med enkel vegetasjon som klarer seg sjølv utan vatning og med avgrensa skjøtsel.
- Semi-intensive tak : Tilrettelagt for meir krevjande vegetasjon, med litt tjukkare vekstmassar, der ein må følgje opp med vatning i tørre periodar.
- Intensive tak: Takhagar og prydtak med tjukke vekstmassar. Krev regelmessig oppfølging med vatning og anna stell. Intensive tak kan fordryge meir og har dermed større effekt ved mykje regn.
I tillegg til å bidra med klimatilpassing, vil grøne tak vere eit supplement til grønstrukturen i byen og auke den estetiske kvaliteten i byen. Dei kan også verke avkjølande på varme dagar og brukast til dyrking av mat.
Tiltaket vil også kunne forlengje levetida til taket ved at vegetasjonen vernar takkonstruksjon og membran.
Biokol (jordforbetringsmiddel som bind og lagrar CO2) kan også ha god effekt på grøne tak, ved at det forbetrar jordstrukturen og gir langsamare avrenning av vatn.
Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse
- Overvatn, ved dryging og evapotranspirasjon
- Temperaturauke, ved at taka har ein isolerande/kjølande effekt
Korleis styrkar tiltaket biologisk mangfald
Det biologiske mangfaldet aukar ved at vegetasjonen kan bli til leveplass for insekt og fuglar. Det kan også leggjast til rette som ein levestad for raudlista artar.
Føresetnader
Det er stor variasjon i kor stor evne grøne tak har til å handtere overvatn/forseinke avrenning. Mengda nedbør taket kan halde på, aukar med jordtjukna. Svartelista plantar skal ikkje brukast på grøne tak. Taka må heller ikkje overgjødslast slik at avrenninga gir oksygensvinn, algevekst og sjenerande lukt i dammar, og andre tiltak for dryging som samlar opp avrenning frå taket.
Andre effekar tiltaket kan gi
-
Forbetra luftkvalitet: Tre og annan vegetasjon fangar svevestøv, svoveldioksid (SO2) og nitrogendioksid (NO2) som kan vere skadeleg for menneske i store dosar
-
Mikroklima: Tre og vegetasjon bidrar til lokal klimaregulering ved å gi le mot regn, vind eller sterk sol og ved å redusere høge sommartemperaturar. Opne vassflater har ein svalande effekt om sommaren.
-
Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.
-
Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.
Matproduksjon: Naturbaserte løysingar kan leggje til rette for sanking/bærplukking, fiske, jakt eller dyrking av nyttevekstar.
Nyttige lenker
- Oslo kommune: Tilskot til urbant landbruk
- Oslo kommune: Tilskot til bomiljøprosjekter
- Se øvrige ordninger på siden for urbant landbruk
Relevante berekraftsmål
Urbant landbruk
Betydinga av tiltaket for klimatilpasing
Urbant landbruk omfattar dyrking og husdyrhald i byar og tettstader. I fleire norske byar blir takareal brukt til å dyrke mat og halde bier. Urbant landbruk kan bidra til å handtere overvatn ved å absorbere regnvatn. Auka mengd grøntareal kan vidare bidra til å redusere temperaturen i byområde.
Tiltaket kan også bidra til reduserte utslepp av klimagassar, både ved å redusere behovet for transport av mat og ved å auke kunnskapen om berekraftig matproduksjon.
Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse
- Nedbør og overvatn, ved fordrøyning, infiltrasjon og evapotranspirasjon
- Temperaturauke, ved hjelp av temperaturregulering
Korleis styrkar tiltaket biologisk mangfald
Urbant landbruk kan bevare og styrkje biologisk mangfald på fleire måtar. Det kan skape habitat for plantar og dyr, og bevare artar som er trua av urban utvikling. I tillegg kan det bidra til ein samanhengande grønstruktur i byane og dermed leggje til rette for at ulike artar kan bevege seg mellom område.
Føresetnader
Det er viktig å unngå overgjødsling, da det kan gi problem med næringsrikt vatn, oksygensvinn og algevekst lengre ned i vassdraget nedstraums. Dette kan igjen gi sjenerande lukt.
Andre effektar tiltaket kan gi
-
Forbetra luftkvalitet: Tre og annan vegetasjon fangar svevestøv, svoveldioksid (SO2) og nitrogendioksid (NO2) som kan vere skadeleg for menneske i store dosar
-
Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.
- Utdanning og læring: Kan bidra til å forstå berekraftig matproduksjon og viktigheita av biologisk mangfald.
-
Stadsidentitet og kulturarv: Naturelement kan formidle historia eller identiteten til ein stad.
- Pollinering, frøspredning: Humle, bier, sommerfugler, blomsterfluer m.fl. pollinerer både viktige matplanter og mange arter i naturen. Ekorn, fugler og andre bidrar med frøspredning.
- Matproduksjon: Urbant landbruk bidreg til auka produksjon av mellom anna frukt, grønsaker, honning og egg.
Nyttige lenker
- Finansieringsordningar i landbruket med relevans for urbant landbruk (Landbruks- og matdepartementet)
- Ein rekke kommunar har eiga tilskotsordningar for urbant landbruk
- Urbant landbruk (Landbruks- og matdepartementet)
- Veileder for urbant landbruk (Statsforvalteren)
- Nasjonal strategi for urbant landbruk (Regjeringen)
Relevante berekraftsmål
Overvannsdam
Betydinga av tiltaket for klimatilpassing
Ein overvannsdam er ein dam med permanent vasspegel, men som har volum til å få og dryge ekstra vatn i ein flaumsituasjon. Opne vassflater regulerer også temperaturen ved å ta opp varme på sommaren og gi varme på vinteren. Det er viktig å vere klar over at ein overvannsdam berre er flaumdempande for ei viss mengd vatn, og at kapasiteten må kartleggjast før utbygging.
Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse
- Overvatn, ved dryging
- Temperaturauking, ved temperaturrgulering
Korleis styrkar tiltaket naturmangfald
Ein overvannsdam kan bidra til auka biologisk mangfald gjennom å skape habitat for plantar og dyr, både på lands og i vatn. Dette kan auke biodiversiteten i eit område. Effekten på naturmangfaldet avheng av ei rekkje faktorar, inkludert utforminga til dammen, plassering og det omkringliggjande miljøet.
Føresetnader
For å redusere drukningsfaren må dammar i tettbygde område ha slake kantar og vere grunne innerst mot land. Djupe dammar må sikrast med gjerde, vegetasjonsbuffer eller liknande. Dersom vatnet som blir tilført dammen er svært forureina, kan det vere formålstenleg å reinse vatnet før det blir sleppt ut i dammen. Algevekst er eit problem i næringsrikt, stilleståande vatn. Tiltak som sirkulerer eller fører oksygen inn i vatnet reduserer problematikken. Dammane kan vere arealkrevjande og krev vedlikehald som tilsyn med eventuelle pumper for vassirkulasjon og oksygentilførsel, fjerning av sediment, søppel, uønskt plante- og algevekst. Det er viktig å sikre tilkomst for vedlikehald. Dammar må også gjerne tømmast med jamne mellomrom.
Tilleggseffektar tiltaket kan gi
-
Mikroklima: Tre og vegetasjon bidrar til lokal klimaregulering ved å gi le mot regn, vind eller sterk sol og ved å redusere høge sommartemperaturar. Opne vassflater har ein svalande effekt om sommaren.
- Rensing av vatn: Ein overvassdam har evna til å skilje ut forureining, ved hjelp av mekanismar som sedimentering, adsorpsjon og mikrobiologisk nedbrytning
-
Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.
-
Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.
Nyttige lenker
Relevante berekraftsmål
Grøn vassveg (vadi)
Betydinga av tiltaket for klimatilpasning
Ein grøn vassveg, også kalt vadi, er lik eit regnbed. Det er ei vegetasjonskledd grøft eller fordjuping som infiltrerer overvatn, og som samtidig kan fungere som flaumveg i ein flaumsituasjon. Den leier overvatn bort frå tette overflater, noko som reduserer risikoen for flaum og overbelastning på avløpssystemet. Reinsinga av regnvatn skjer når vatn siv gjennom grunnen, der jorda verkar som eit filter som held tilbake partiklar og miljøgifter. Når vatnet sakte infiltrerer i bakken, bidreg det også til å halde oppe nivået av grunnvatn og forhindre uttørking av jorda. Overflata er oftast graskledd, men kan og ha utplanta staudar.
Tiltaket kan brukast i kombinasjon med takrenner. I staden for å leie takvatn direkte til avløpsnettet, kan vatnet leiast til vegeterte overflatar på bakken for infiltrasjon og evapotranspirasjon, slik som ein grøn og vegetasjonsdekket vassveg. På denne måten reduserer ein mengda overvatn som blir ført til det kommunale avløpsnettet.
Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse
- Overvatn, ved infiltrasjon og evapotranspirasjon
Korleis styrkar tiltaket naturmangfald
Ein grøn vassveg forsterkar grønstrukturen og aukar det biologiske mangfaldet i byane. Det kan bidra til auka biologisk mangfald gjennom å skape habitat for plantar og dyr. Effekten på naturmangfaldet avheng av fleire faktorar, inkludert utforming, plassering, det omkringliggjande miljøet og innhaldet av miljøgifter i sediment og vatn.
Føresetnader
Det må gjerast tiltak for å forhindre erosjon i ein grøn vassveg(vadi), spesielt under etablering, viss det er stort fall eller at vatnet har stor fart inn i tiltaket. Moglege tiltak kan vere elvestein ved innløpet eller at vatnet blir leidd utanom tiltaket dei fyrste vekstsesongane, fram til plantane har fått etablert gode rotsystem som held jorda på plass. Grus, bos og forureiningsstoff kan samlast ved den grøn vassvegens innløp ved hjelp av ein «slamlomme».
Andre effektar tiltaket kan gi
-
Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.
-
CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken
-
Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.
-
Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.
Nyttige lenker
- Eksempelsamling for overvannstiltak (NVE)
- Rettleiar for handtering av overvatn i arealplanar (NVE)
- Temablad infiltrasjonssone/-grøft (Tønsberg kommune)
- Klima 2030 og evaluering av en grønn grøft langs RV3 (Vannportalen)
Relevante berekraftsmål
Regnbed
Betydinga av tiltaket for klimatilpasing
Eit regnbed er eit tilplanta søkk i terrenget der overvatn drygast og blir infiltrert. Dette bidreg til å halde oppe eit stabilt nivå av grunnvatn. Regnbed har ofte utplanta staudar.
Regnbed har fleire fordelar. Dei kan forhindre eller redusere overfløyming, fange opp forureining og bidra til auka naturmangfald. Vegetasjonen som blir planta rundt har effektar som større infiltrasjonskapasitet, reinsing av vatn og luft, og det vernar overflata mot erosjon.
Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse
- Overvatn, ved infiltrasjon og dryging
Korleis styrkar tiltaket biologisk mangfald
Eit regnbed forsterkar grønstrukturen og aukar biodiversiteten i byane. Det kan vere habitat for både vass- og landslevande artar, bidra til å binde saman grøne område og ein kan sørgje for planting av raudlista artar.
Føresetnader
Det må sikrast tilstrekkeleg fall (minimum to prosent) mot regnbed slik at vatnet hamnar der det er planlagt. For å unngå slitasje bør regnbed i nærleiken av leikeområde vernast med gjerde. Plassering langs yttarkantane av eit område gir også redusert slitasje samanlikna med sentralt plasserte regnbed. Grus og forureiningsstoff kan samlast ved innløpet til regnbedet ved hjelp av "slamlomme". Svartelista plantar skal ikkje brukast i regnbed.
Andre effektar tiltaket kan gi
-
Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.
-
CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken
-
Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.
-
Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.
Nyttige lenker
- Informasjon om finansiering av overvannstiltak (Miljødirektoratet)
- Lokal overvannshåndtering langs veg og gate (Statens vegvesen)
- Urbane regnbed (Asplan Viak)
- To av tre plantearter i regnbed-forsøk klarer seg (Statens vegvesen)