Naturbaserte løysingar i jordbruket

Etablere fangdammar

Betydninga for klimatilpassing

Fangdammar er konstruerte dammar eller våtmarker som medverkar til å redusere førekomsten av flaum og avrenning. Dei blir laga ved å utvide eller demme opp eit bekkeløp. Flaumtoppane vert dempa ved at dammane dryger overvatn.  

Dammane dempar flaumtoppar ved at dei samlar opp vatn, slik at det renn saktare nedover vassdraget. Avrenninga blir redusert ved at dammane fangar opp erodert materiale og næringsstoff frå omliggjande mark. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

Overvatn ved hjelp av dryging

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Fangdammar gir auka biologisk mangfald ved at vegetasjonen i og rundt dammane gir mat og habitat for ei rekkje vatn- og landslevande dyr og insekt.

Føresetnader

Det må leggjast til rette for innkomst for tømming av sediment frå fangdammen.

Tilleggseffektar tiltaket kan gje

  • Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

Nyttige lenker

Berekraftsmål

 

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid