Naturbaserte løysingar ved kystområde

Beiting og lyngsviing av kystlyngheier

Betydninga av tiltaket for klimatilpassing

Beiting og kontrollert brenning av kystlynghei bidrar til å redusere mengda letttenneleg lyng, buskar og tørt gras, og erstattar det med friske plantar. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse 

  • Tørke: Gjennom beiting og lyngsviing blir gamal, lettenneleg lyng, einer og gras, erstatta med nye, friske plantar. Det vil førebygge tørke og ukontrollert lyngbrann.

Korleis styrkar tiltaket biologisk mangfald

Kystlynghei utgjer eit viktig bidrag til det biologiske mangfaldet i kyststrøka. Vegetasjonen i kystlyngheiane er hovudsakleg trelaus og prega av lyng og andre dvergbuskar. Røsslyng er den mest dominerande planten. Kystplantar med tilknyting til kulturlandskapet er ofte avhengig av velskjøtta kystlyngheiar. Mange artar av fuglar og insekt er også avhengig av at lyngheiane blir haldne i aktiv drift. Kystlynghei er ein sterkt trua naturtype i Noreg, og er ein utvald naturtype etter naturmangfaldslova. 

Andre effektar tiltaket kan gi 

  • Erosjonskontroll: Vegetasjon med store rotsystemer forhindrer erosjon ved at røtene held jorda på plass.

  • CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Stadsidentitet og kulturarv: Naturelement kan formidle historia eller identiteten til ein stad.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

  • Matproduksjon: Lyngheiar er ein viktig beiteressurs. Beitedyr produserer kjøt, samt ull og skinn. Lyngheiar står også for ein vesentleg produksjon av lynghonning.

Nyttige lenkar

Relevante berekraftsmål

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid