Naturbaserte løysingar i vassdrag og våtmark

Bevare eller restaurere meandrerende elveløp

Betydninga for klimatilpasning

Meander er nemninga på ein vid sving i eit elveløp. Fenomenet oppstår naturleg som følgje av tendensen vatnet har til å renne i spiral der det får renne langsamt og uhindra på eit svakt skrånande underlag. På grunn av endringar i arealbruk er meandrar ein trua naturtype i Noreg.

Bevaring, restaurering og etablering av meandrering i bekke- og elveløp gir redusert vassfart og forseinkar flaumtoppar lenger ned i vassdraget, samtidig som erosjon og avrenning blir redusert. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Flaumdemping, ved å redusere fart på vatnet
  • Erosjonskontroll, ved å stabilisere elveskråningar

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Meander skapar ein stadig rørsle av masser og gjer at ei elv aldri er lik frå år til år eller tiår til tiår. Plantar og dyr i elva er tilpassa økosystem i stadig forandring. Når sand og grus beveger seg, skapar dette blant anna eigna forhold for villaks og ørret, slik at dei kan finne skjul, oppvekst- og gyteplassar. Mindre meandrering reduserer denne dynamikken og kan gi eit mindre rikt elvemiljø. Vidare er økosystema tilpassa naturlege vannmengder og flaum. Viss vannmengda avgrensast og det blir meir forureining og slam på botnen, er dette negativt for plantar, insekt og fisk.

Andre effektar tiltaket kan gi

  • Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.

  • Mikroklima: Tre og vegetasjon bidrar til lokal klimaregulering ved å gi le mot regn, vind eller sterk sol og ved å redusere høge sommartemperaturar. Opne vassflater har ein svalande effekt om sommaren.

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

  • Stadsidentitet og kulturarv: Naturelement kan formidle historia eller identiteten til ein stad.

Nyttige lenker

Relevante bærekraftsmål

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid