Trua natur rundt Oslofjorden skal reddast

Ein av Noregs mest trua naturtypar finst rundt Oslofjorden. No har Miljødirektoratet lagd ein plan for å redde han og tre andre utvalde naturtypar.

Publisert 14.07.2023

– Dei fire naturtypane som i dag får nye og reviderte handlingsplanar er viktige leveområde for artsmangfald og trua artar i Noreg, og bidreg samtidig med karbonlagring. Det er bra at det no kjem på plass nye og reviderte handlingsplanar med konkrete tiltak for langsiktig varetaking, skjøtsel og restaurering av desse verdifulle naturtypane. Tap av natur er ei like stor utfordring som klimaendringane, og dei to heng tett saman. Ordninga med utvalde naturtypar sikrar at styresmaktene må ta særskilde omsyn til denne naturen i samband med utbygging, arealplanlegging eller anna forvaltning, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Open grunnlendt kalkmark er heim til hundrevis av trua artar

Miljødirektoratet har no publisert ein handlingsplan for korleis Noreg skal jobbe for å redde den sterkt trua naturtypen.

– Open grunnlendt kalkmark i boreonemoral sone finst berre i ei smal sone langs kysten sør i Noreg, men denne naturtypen er heimen til hundrevis av nær trua og trua artar. No er det viktig at kommunane, statsforvaltaren og andre forvaltingsstyresmakter set seg inn i handlingsplanen og følgjer opp tiltaka, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Naturtypen er naturleg trelaus og finst rett innanfor svaberga, der vi badar om sommaren, og nedanfor skogen. Den unike kombinasjonen av kalk, varme og lys gir vekstmoglegheiter for mange trua artar som drakehovud og aksveronika.

Øydelegg trua natur

Den største trusselen mot open grunnlendt kalkmark er nedbygging og gjengroing. Nedbygging inkluderer alt frå nye bustader og næringsareal, til mindre terrassar og tilbygg på bustad i strandsona. Gjengroing skjer ofte av populære hageplantar, som syrin, gravbergknapp og sibirbergknapp, som har spreidd seg til naturen.

Nokre av dei viktigaste tiltaka for å redde naturtypen er derfor å fjerne dei uønskte plantane. Nokre stader er det nødvendig med hogst, mens andre stader kan det vere nødvendig å dekkje til marka med presenning for å hindre at dei framande artane får lys.

– Naturavtalen forpliktar oss til å stanse tapet av trua artar. Sørgjer vi for å ta vare på desse naturtypane, betyr det at leveområda for mange trua artar blir bevarte – og dette er den viktigaste føresetnaden for å ta vare på artsmangfaldet, seier Hambro.

Oppdaterte handlingsplanar

I tillegg til den nye handlingsplanen for open grunnlendt kalkmark, har Miljødirektoratet publisert reviderte handlingsplanar for tre andre utvalde naturtypar: slåttemark, slåttemyr og kystlynghei.

Det betyr at halvparten av Noregs åtte utvalde naturtypar har oppdaterte handlingsplanar som skal vare i perioden 2023-2037. Handlingsplanane byggjer på erfaringar frå førre planperiode, med skjøtsel som slått og lyngbrenning som hovudtiltak.

Bevare naturtypen

Nytt for alle handlingsplanane er at dei tydelegare påpeikar korleis bevaring av den aktuelle naturtypen, bidreg til å ta vare på dei trua artane og artsmangfaldet, som er avhengige av dei.

– Å prioritere natur i større samanhengande område vil redusere fragmentering og gjere livet lettare for pollinerande insekt og andre trua artar, og er i tråd med nasjonale og internasjonale målsetjingar. I tillegg må vi restaurere fleire av områda som er minka eller øydelagde, for at naturtypane skal kunne bevarast på lang sikt, seier Hambro.

Lenkjer til handlingsplanane: