Våren er den mest sårbare tida for ville dyr
Våren er yngletid for ville dyr. Unødvendige forstyrringar stressar dei, dei bruker meir energi enn nødvendig og gjev dei dårlegare kondisjon.
Ta omsyn til ville dyr og fuglar når du er i båt eller kajakk
Det er forbode å ferdast på og i nærleiken av fleire øyar og holmar langs kysten frå 15. april til 15. juli. Nokre stader varer forbodet til 31. juli.
La dyreungar vere i fred
Det aller luraste du gjer når du møter på dyreungar, er å trekkje deg unna så fort som mogleg. Menneskes nærvær kan gjere at foreldra ikkje viser seg, og du vil gjere meir skade ved å ta dei bort frå foreldra sine.
Måsar må også få ro i hekkeperioden
Når måsane først har byrja å byggje reir, må du la dei vere i fred. Unødig forstyrring og skade på reira er forbua.
Støy og mykje aktivitet i hekketida er berre måten fuglane kommuniserer på. Det må aksepterast på denne tida av året. Opplever du problem med måsar, må du planleggje for førebyggjande tiltak før hekkesesongen neste år.
Motorferdsel i utmark må gå føre seg aktsamt
Mange trur at snøskuterkøyring ikkje gjer skade på naturen ettersom spora smeltar bort med snøen. Problemet er at skuterar gjer det enklare for menneske å kome lenger inn i urørte naturområde.
Dette fører til at det blir færre stadar for vilt å leve uforstyrra. Hovudregelen er at motorferdsel i utmark er forbode.
Villreinen må ikkje forstyrras
Ut på tur i fjellet? Menneskeleg aktivitet kan føre til at villreinen blir forstyrra og ikkje får beite i fred. Unngå å ferdast i villreinormåder under kalvinga i mai.