Innhold

  1. 1 Myndigheit og plikter Kommunen si myndigheit - tankeigar sine plikter
  2. 2 Lokal forskrift Fastsette lokal forskrift og kommunen si myndigheit
  3. 3 Myndigheit etter forureiningslova Om andre heimlar kommunen kan nytte
  4. 4 Avgrensingar Om avgrensingar i kommunen si myndigheit
  5. 5 Krav til aktørar Krav til verksemder som skal handtere nedgravne oljetankar

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid

Kommunen har myndigheit til å fastsette kapittel 1 i forureiningsforskrifta om nedgravne oljetankar som lokal forskrift. Gjennom ei lokalt vedteke forskrift får tankeigarar innad i kommunen plikt til å gjere spesifikke tiltak for å hindre forureining frå tankane sine. Tankeigarar må òg informere kommunen om status for oljetankane.

Kommunen kan òg fatte vedtak med heimel i forureiningslova uavhengig av om kommunen vel å vedta ei slik lokal forskrift eller ikkje.

Eigar av ein oljetank har plikter anten kommunen har fastsett forskrifta eller ikkje. Tankeigaren har ansvar for at tankane er i forsvarleg stand og opererast slik at forureining vert unngått, for forureining som måtte oppstå frå tanken, og for kostnadane ved å rydde opp. Dette følger av forureiningslova § 7. 

Ved førespurnadar kan det kan vere lurt av kommunen å forklare tankeigar sitt ansvar. Dette gjeld uavhengig av kva krav kommunen stiller.

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid

Forureiningsforskrifta kapittel 1 er ei frivillig forskrift for kommunen og trer berre i kraft dersom kommunestyret fastset ei lokal forskrift, jamfør § 1-2.

Kommunestyret avgjer verkeområdet for forskrifta. Dette inkluderer kva størrelse på nedgravne oljetankar forskrifta skal omfatte og kva for områder i kommunen forskrifta skal gjelde for.

Kommunestyret kan òg fastsette at det ikkje er lov å ha nedgravne oljetankar i enkelte områder i kommunen (jamfør § 1-12).

Kommunen kan ikkje vedta andre bestemmingar om oljetankar i den lokale forskrifta enn det som §§ 1-2 og 1-12 forureiningsforskrifta kapittel 1 alt opnar for i dag.

Oppmodar om å fastsette lokal forskrift

Miljødirektoratet oppmodar alle kommunar som i dag ikkje har lokal forskrift for nedgravne tankar, om å vedta ei slik forskrift så snart som mogleg. Dette vil gje føreseielege krav for tankeigarar og lette kommunen si sakshandsaming.

Miljødirektoratet har tidligare foreslått endringar i forureiningsforskrifta kapittel 1 som vil kunne gjere forskrifta gjeldande i alle kommunar, men det er usikkert når ei eventuell revidert forskrift vil tre i kraft.

Pil høyre

Føre tilsyn

Kommunen er tilsynsmyndigheit etter forskrifta, jamfør forureiningsforskrifta § 1-10. Kommunen skal då føre tilsyn med at tankeigar oppfyller sine plikter etter forskrifta.

Pil høyre

Sette krav til kontrollør

Kommunen skal stille krav til den som skal føre kontroll med nedgravne oljetankar. Dette er forankra i forureiningsforskrifta § 1-10.

Forskrifta har ingen nærmare føringar for krava som skal stillast. Men det er naturleg å tenke seg at slike krav kan omfatte kontrollmetodar og kompetanse og erfaring frå tilsvarande aktivitetar for den som utfører kontroll.

Kommunen bør vedta krava som lokal forskrift.

Pil høyre

Gje dispensasjon og stille strengare krav

Kommunen har myndigheit til å dispensere frå vedtatt forskrift, jamfør forureiningsforskrifta § 1-11. Kommunen kan som myndigheit òg stille strengare krav, jamfør forureiningsforskrifta § 1-12.

Dispensasjon eller strengare krav i særskilte høve vil vere enkeltvedtak.

Pil høyre

Føre register

Kommunen skal etablere og ajourføre eit register over tankane dersom dei har fastsett forureiningsforskrifta kapittel 1 om nedgravne oljetankar. Registeret er viktig for å føre målretta tilsyn med tankane.

Dette følgjer av forureiningsforskrifta § 1-10.

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid

Kommunen har òg myndigheit til å føre tilsyn og fatte vedtak om nedgravne oljetankar etter forureiningslova. Denne myndigheita har kommunen uansett om dei har fastsett forureiningsforskrifta kapittel 1 som ei lokal forskrift eller ikkje.

Kommunen kan nytte fleire heimlar i forureiningslova for å handheve forbodet mot å forureine. Mellom anna kan kommunen påleggje tankeigar å gjere tiltak med ein nedgraven tank, til dømes dersom kommunen ikkje har fastsett nokon lokal forskrift eller dersom den lokale forskrifta ikkje er sett til å gjelde tankar mindre enn 3 200 liter.

Kommunen kan òg nytte heimlane i forureiningslova til å følge opp og pålegge opprydding etter forureining frå nedgravne oljetankar.

Pil høyre

Kvifor er kommunen myndigheit?

Kommunen si myndigheit for nedgravne oljetankar og forureining frå desse etter forureiningslova følgjer av Rundskriv T-5/98 (Kommunens myndighet og plikter etter forurensningsloven - En veiledning til kommunene) frå Miljøverndepartementet (no Klima- og miljødepartementet).

Under punkt 2.1 i rundskrivet står det skrive at "Kommunen har tilsynsmyndigheit og myndigheit til å treffe enkeltvedtak med omsyn til nedgravne oljetankar innan kommunen". Dette kan mellom anna vere pålegg om tiltak etter forureiningslova § 7 fjerde ledd eller opplysningar etter § 51.

Pil høyre

Føre tilsyn, krevje opplysningar og gje pålegg utan lokal forskrift

Kommunen kan ikkje nytte seg av heimlane i forureiningsforskrifta kapittel 1 utan lokal forskrift. I staden må kommunen bruke si myndigheit til å gje pålegg som er heimla i forureiningslova.

Med heimel i forureiningslova kan kommunen mellom anna føre tilsyn og krevje opplysningar om tankar. Kommunen kan òg pålegge tankeigarar ulike tiltak som til dømes å gjere undersøkingar eller gjennomføre ein tilstandskontroll av tankane, eller å fjerne eller fylle att tankar som ikkje lengre er i bruk.

Kommunen kan likevel ikkje handsame søknadar om, og gje løyve til, å reingjere og fylle att tankar framfor å grave dei opp utan å ha fastsett lokal forskrift etter forureiningsforskrifta kapittel 1. Dette mellom anna fordi kommunen ikkje er delegert myndigheit til å gje løyve etter forureiningslova § 11 etter Rundskriv T-5/98.

Dersom ein kommune utan lokal forskrift etter forureiningsforskrifta kapittel 1 skulle få slike søknadar og meiner at det ikkje er forsvarleg å la ein gitt tank ligge att, kan kommunen velgje å pålegge tankeigar å fjerne tanken med heimel i forureiningslova § 7 fjerde ledd i staden.

Pil høyre

Krevje opprydding ved forureining frå nedgravne oljetankar

Normalt vil tankeigar av eige interesse sjølv syte for opprydding etter lekkasjar frå nedgravne oljetankar. Ofte vil òg forsikringsselskapet til tankeigar bidra.

Dersom dette likevel ikkje skjer, kan kommunen pålegge tiltak m.m. med heimel i forureiningslova.

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid
Pil høyre

Oljetankar som ikkje er nedgravne

Forureiningsforskrifta kapittel 1 om nedgravne oljetankar gjeld berre for oljetankar som er nedgravne. Kommunen kan, i si lokale forskrift, ikkje stille krav til andre typar av oljetankar som til dømes kjellartankar og overgrunnstankar med oljeprodukt.

Kommunen si myndigheit for nedgravne oljetankar etter Rundskriv T-5/98, som gjer kommunen myndigheit etter forureiningslova for nedgravne oljetankar og forureining frå desse, er òg avgrensa til dei oljetankane som er nedgravne.

Dersom ein tank ikkje er nedgraven, kan han komme inn under kapittel 18 i forureiningsforskrifta dersom han er større enn 10 m​3. Miljødirektoratet eller fylkesmannen er myndigheit etter denne forskrifta.

Pil høyre

Nedgravne tankar med andre typar av olje

I forureiningsforskrifta kapittel 1 er omgrepet "olje" definert som "alle petroleumsprodukt med flammepunkt over 23 °C". Det betyr at forskrifta og kommunens myndigheit berre gjeld nedgravne tankar med til dømes diesel, parafin og fyringsolje – altså konvensjonelle mineraloljeprodukt med petroleumsopphav som det heller ikkje er knytt særskild brann- og eksplosjonsfare til.

Nedgravne bensintankar kjem ikkje under kapittel 1 i forureiningsforskrifta, fordi flammepunktet til bensin er lågare enn 23 °C. Det er knytt særskild brann- og eksplosjonsfare til slike petroleumsprodukt. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har forskrifter og rettleiing om dette.

Nedgravne tankar med biobrensler (til dømes biofyringsolje, bioparafin m.m.) er ikkje omfatta av forskrifta og kommunen si myndigheit, fordi desse produkta har eit anna opphav enn dei konvensjonelle mineraloljene og såleis ikkje er eit petroleumsprodukt.

Nedgravne oljeutskiljarar, nedgravne tankar med spillolje og forureining frå desse er ikkje omfatta av forskrifta og kommunen si myndigheit. Dette fordi olja i desse falla er avfall og ikkje lengre eit produkt. Kommunen er likevel myndigheit for utslepp av oljeholdig avløpsvann frå enkelte verksemder etter forureiningsforskrifta kapittel 15 (Krav til utslepp av oljeholdig avløpsvann).

Pil høyre

Kommunen kan ikkje ta gebyr for handsaming etter forureiningsforksrifta kapittel 1

Forureiningsforskrifta kapittel 1 har inga bestemming som gjer kommunen anledning til å ta gebyr for til dømes tilsyn eller handsaming av søknadar etter denne forskrifta. Det er ikkje fastsett forskrift om gebyr på dette området med heimel i forureiningslova § 52a.

Kommunen kan heller ikkje krevje inn gebyr for slik sakshandsaming etter forureiningsforskrifta kap. 39, då kommunen ikkje er forureiningsmyndigheit etter dette kapittelet (jamfør § 39-1, andre ledd).

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid
Pil høyre

Avgrensa mogelegheit til å stille krav

Kommunen har avgrensa moglegheit til å stille krav til verksemdene og aktørane som tek på seg jobben med å tømme, reingjere, fjerne og/eller fylle att nedgravne oljetankar. Slik verksemd er omfatta av anna regelverk som kommunen ikkje rår over. Kommunen kan likevel ha nytte av å kjenne til dette – mellom anna for å rettleie innbyggarane og aktørane i kommunen, og fordi kommunane sjølv ofte eig og driv avfallsmottaka som tek imot tankar som vert gravne opp.

Jamfør § 1-10 i forureiningsforskrifta kapittel 1 skal kommunen stille kvalifikasjonskrav til dei som skal utføre tilstandskontroll på nedgravne tankar, gitt at kommunen har fastsett denne som ei lokal forskrift. Kommunen kan likevel ikkje fastsette krav i forskrifta til dei aktørane som skal tømme, reingjere, fjerne eller fylle att nedgravne tankar. 

Miljødirektoratet driv inga ordning for godkjenning eller sertifisering av verksemder som tømmer, reingjer og fjernar eller fyller igjen nedgravne oljetankar.

Pil høyre

Aktørane og verksemdene sine plikter

Aktørane og verksemdene er omfatta av plikta i forureiningslova § 7 til å gjere tiltak for å hindre at forureining kan inntreffe. Dette stiller krav til at dei som utfører jobben med å tømme, reingjere, fjerne og/eller fyller att nedgravne tankar må ha nødvendig og relevant kompetanse.

Verksemdene og aktørane må òg overhalde reglane i avfallsregelverket, slik dette følger av forureiningslova og avfallsforskrifta. Restolje som hentast ut av tankane vil vere farleg avfall, og skal leverast til lovleg avfallsmottak. Verksemder som mellom anna tømmer og reingjer oljetankar, pliktar å deklarere dette farlege avfallet ved levering til avfallsmottaket. Denne plikta er forankra i avfallsforskrifta kapittel 11. Ordninga har erstatta tidlegare krav, som er nemnd i rettleiaren til forskrifta om nedgravne oljetankar (TA-1480 frå 1997).

Arbeidstilsynet har òg føresegner for verksemder som utfører arbeid i eller på nedgravne oljetankar, som skal sikre at arbeidet ikkje medfører nokon brann- eller helsefare. Dette er forankra i forskrift om utføring av arbeid.

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid
Tilbake til forsiden Lenke til forsiden

Personvern

Personvernerklæring
Tilgjengelighetserklæring
Sosiale medier
  • Om oss
  • Kontakt oss
  • Tips oss
  • Få siste nytt
  • Ledige stillingar
  • Aktuelt
  • Høringer
  • Publikasjoner
  • Nettjenester
  • Skjema og frister

Personvern

  • Personvernerklæring
  • Tilgjengelighetserklæring
  • Sosiale medier
Gå til hovedinnholdet