Over 1100 naturtiltak fekk støtte i 2025

Grunneigarar, organisasjonar, verksemder og privatpersonar over heile landet får støtte til å hjelpe trua natur. Sjå kvar i det nye kartet vårt.

Publisert 11.11.2025

– Det er gledeleg å sjå kor mange som tek ansvar for naturen vår. Innsatsen dei legg ned, gjer ein reell forskjell, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.

Slått av slåttemyr, nye hekkeplattformer for sjøfuglar og fjerning av den framande arten kjempespringfrø er blant tiltaka som har fått støtte frå tilskotsordninga tiltak for å vareta natur i 2025.

Mange av dei trua artane og naturtypane i Noreg treng denne typen hjelp for å få betre tilstand eller rett og slett ikkje forsvinne.

I år kunne 55,2 millionar delast ut til skjøtsel av trua naturtypar, fjerning av framande artar og tiltak for ville pollinerande insekt og andre trua artar gjennom denne ordninga. Vi fekk søknader om til saman 150 millionar.

Sjå kven som fekk støtte i 2025 her:

13 000 tiltak sidan 2011 – sjå datavisualisering

Dei siste 15 åra har statsforvaltarane og Miljødirektoratet til saman gitt over 600 millionar kroner til meir enn 13 000 ulike tiltak for å vareta trua natur gjennom denne tilskotsordninga.

Miljødirektoratet har samanlikna dataa som viser kva typar prosjekt som har fått tilskot sidan 2011 i ein dynamisk rapport i Power BI:

Nytt kart viser kvar tiltaka er gjort

Sidan 2019 har tiltaka vorte kartfesta. No kan du sjå desse tiltaka på kart, og dermed sjå om Miljødirektoratet har støtta naturtiltak i nærområdet ditt sidan 2019:

Opne kartet i eige vindauge her.

Kartløysinga viser kvar og når det har vorte søkt om tilskot til tiltak, og kva tiltak som har fått tilskot.

Det finst fleire støtteordningar for tiltak som bidreg til å ta vare på natur, som ikkje blir vist på dette kartet. Kartet gir altså ikkje ei komplett oversikt over alle tiltak for naturen.

Nyttig for arealplanlegging

– Denne oversikta gir nye moglegheiter for kommunar og andre som skal vurdere kvar bustadområde og andre byggjeprosjekt skal liggje. Her kan dei sjå område det allereie er investerte pengar, tid og krefter i for å ta vare på viktige naturverdiar. Dermed blir det lettare å ta ekstra omsyn til desse i planlegginga, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.

Kartet kan dessutan gjere det enklare å sjå kvar ein bør prioritere å gjere fleire nye tiltak for å ta vare på naturen, og bidra til å samkøyre tiltaka.

Søk om tilskot

Miljødirektoratet har fleire ulike tilskotsordningar for tiltak som bidreg til å ta vare på naturen.

Fem av desse tilskotsordningane har no fått felles søknadsfrist den 15. januar. Les meir her: