Språkprofil: nynorsk

Dei språklege retningslinjene gjeld for alle tekstane vi skriv.

Innhold

  • Kvifor har vi ein språkprofil?
  • Miljødirektoratets språkpolitikk
  • Ha klart for deg kven som skal lese teksten, og kvifor
  • Gjer det enkelt å finne fram i teksten
  • Skriv aktivt – få tydeleg fram kven som skal gjere kva
  • Bruk eit oppdatert norsk språk
  • Skrivereglar

Kvifor har vi ein språkprofil?

Språk er eit viktig verktøy når vi jobbar med å løyse klima- og miljøutfordringane.

Klart språk handlar om å kommunisere med så tydeleg ordlyd, struktur og visuell utforming at lesarane i målgruppa finn informasjonen dei treng, forstår han og kan bruke han til det dei skal.

Språk er eit viktig verktøy når vi jobbar med å løyse klima- og miljøutfordringane. Når tekstane våre er skrivne i eit klart språk, kan mottakaren lettare ta innhaldet i bruk. Då kan kunnskapen vår bli gjord om til handling.

Det er mange fordelar med klart språk:

  • Det vi formidlar, blir forstått og brukt.
  • Vi unngår misforståingar og får færre spørsmål og klagar.
  • Saksbehandlinga vår blir enklare.
  • Vi får auka tillit og betre omdømme.

Språkprofilen skal vere ei støtte for det faglege arbeidet vårt

Profilen har tre delar:

  • Del 1: Miljødirektoratets språkpolitikk
  • Del 2: Språklege retningslinjer for Miljødirektoratet
  • Del 3: Skrivereglar

Bruk språkprofilen i arbeidskvardagen

Klart språk gjer det enklare å samarbeide på tvers og er viktig enten vi skriv til eksterne eller interne mottakarar.

Hugs at det ikkje finst nokon fasit. Det er du som kjenner lesarane dine. Bruk språkprofilen som ei sjekkliste i arbeidskvardagen, og prøv deg fram.

Lykke til med skrivinga!

Miljødirektoratets språkpolitikk

Som offentleg etat har vi ansvar for å bruke, utvikle og styrkje både bokmål og nynorsk.

Miljødirektoratet skal

  • skrive klart og korrekt slik at lesarane våre forstår og kan bruke informasjonen til det dei skal
  • vere ein pådrivar for å bruke og utvikle eit norsk ordtilfang om klima og miljø
  • leggje til rette for å bruke nynorsken meir i alle typar tekstar
  • vere medvite ansvaret vårt for alle dei norske språka (bokmål, nynorsk, dei samiske språka, kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk) og stille krav om språk i innkjøp
  • gi alle tilsette opplæring i klart språk

Leiarane skal

  • vere eit førebilete og sikre at språklova og språkprofilen blir følgde
  • ha klart språk som tema på seksjons- og avdelingsmøte
  • oppmuntre språkinteresserte medarbeidarar for å skape engasjement og auke forståinga for godt språk

Nynorsk

  • Som offentleg etat har vi ansvar for å bruke, utvikle og styrkje både bokmål og nynorsk. Vi skal derfor bruke nynorsk ofte, slik at det blir ein naturleg del av tekstane våre.
  • Vi skal vende oss til kommunar og fylkeskommunar på skriftspråket dei har vedteke.
  • I generell skriftleg informasjon som vi lagar for eit eksternt publikum, skal vi veksle mellom bokmål og nynorsk og ha minimum 25 prosent av kvart skriftspråk.
  • Tilsette vel sjølve om dei vil bruke bokmål eller nynorsk i interne saksdokument og tekstar.

Ha klart for deg kven som skal lese teksten, og kvifor

Når du har eit tydeleg bilete av mottakaren og kva du vil oppnå, er det lettare å tilpasse teksten.

Kven skal lese teksten?

Tenk på mottakaren og formålet med teksten gjennom heile skriveprosessen. Kva skal lesaren vite eller gjere etter å ha lese denne teksten?

Hugs at det kan vere andre enn hovudmottakaren som er interesserte i innhaldet. Skriv derfor så klart og tydeleg at også andre interessentar forstår det du skriv om.

I eit vedtak er det hovudmottakaren (parten) som skal ta stilling til saka si og eventuelt klage. Skriv derfor først og fremst til hovudmottakaren. Så lenge alt det formelle og juridiske er på plass, vil også til dømes ein advokat få det hen treng.

Kva veit mottakaren frå før?

Har mottakaren fått informasjon om saka skriftleg, på telefon eller i møte før? Dette vil ha noko å seie for kor omfattande teksten treng å vere.

Hugs at ikkje alle mottakarar har kunnskapane dine. Ikkje overlat til mottakaren å finne ut kva som står mellom linjene.

Du eller dokker?

Skriv du til privatpersonar, kan du bruke direkte tiltale (du-form). Dette gir ein mindre formell stil og gjer avstanden mellom teksten og lesaren mindre.

Skriv du til ei bedrift, bruker du namnet til bedrifta og vekslar med bedrifta og dokker. Unngå å omtale bedrifta som verksemd fordi det kan forvekslast med verksemda som bedrifta driv med.

Miljødirektoratet eller vi?

Få tydeleg fram kven som er avsendar, ved å bruke Miljødirektoratet, vi og direktoratet.

Forklar faguttrykk og forkortingar

Forklar nødvendige faguttrykk. Bruk gjerne allmenne ord og uttrykk, og set faguttrykket i parentes. Då sikrar du at fleire forstår teksten, og samtidig at det blir presist.

Du kan tilpasse tekst og forklare faguttrykk til ulike målgrupper på denne måten:

  • Til fagpersonar: Fint svevestøv (PM2,5), frå til dømes vedfyring, og grovt svevestøv (PM10), frå til dømes slitasje av dekk og asfalt.
  • Til allmenta: Svevestøv er små, luftborne partiklar som varierer i storleik og samansetjing. Vegtrafikk er den viktigaste kjelda til grovt svevestøv (PM10) og kjem av slitasje av dekk og asfalt. Vedfyring er den viktigaste kjelda til fint svevestøv (PM2,5).

Du kan også bake inn ein definisjon eller ei forklaring i teksten, slik:

  • Grenseverdien (minimumskravet til lokal luftkvalitet) er på 40 mikrogram per kubikkmeter i året i snitt.

Skriv ut alle forkortingane første gongen du bruker dei, og set forkortinga i parentes.

Døme:

  • Statens naturoppsyn (SNO) har ansvar for oppsynet.

Gjer det enkelt å finne fram i teksten

Overskrifta skal fortelje mottakaren kva teksten handlar om.

Skriv hovudbodskapen i overskrifta

Overskrifta skal fortelje mottakaren kva teksten handlar om.

Vi les overskriftene først, og dei står ofte åleine, blant anna i oversikter over søkjeresultat. Gjer overskrifta informativ og unik, slik at saka ikkje blir forveksla med andre saker.

Døme på informative overskrifter i vedtak:

  • Løyve til å innføre kongepyton frå Danmark
  • Pålegg om å gjennomføre tiltak for å rydde opp i forureina grunn ved Fabrikken i Bamble kommune

Sei det viktigaste først

Det som er viktigast for deg som skribent, er ikkje alltid det viktigaste for mottakaren. Set det som er viktigast for mottakaren, først eller langt framme i teksten. Til dømes skal sjølve vedtaket stå først i eit vedtaksbrev.

Dersom mottakaren må gjere noko, skal det tidleg komme tydeleg fram i teksten. Er hovudbodskapen samansett, startar du med ei oversikt, til dømes eit samandrag.

Lag ein luftig tekst med mange avsnitt

Klart språk handlar også om visuell utforming. Det betyr at det skal vere ryddig og enkelt å finne fram i teksten.

Ei god inndeling i avsnitt gir både deg og mottakaren god oversikt over innhaldet. Del derfor lange tekstar inn i avsnitt, og set avsnitta i ei rekkjefølgje som er logisk for mottakaren.

Lag mellomoverskrifter som svarer til innhaldet i avsnitta

Hovudpoenget i ein tekstdel (eitt eller fleire avsnitt) bør kunne samanfattast i ei mellomoverskrift. Ideelt sett skal ein lesar kunne få eit inntrykk av innhaldet i ein tekst berre ved å skumme mellomoverskriftene.

Heile setningar gir ofte gode mellomoverskrifter. Døme:

  • Elektriske hurtigbåtar kan kutte utslepp nasjonalt og internasjonalt

Bruk punktlister

Punktlister er nyttige for å vise fram viktige oppramsingar i teksten. Pass på at innleiingsorda og punkta heng godt saman. Punkta skal ha same form. Du kan innleie punktlista med enkeltord, frasar eller heile setningar. 

Dette er reglane for punktlister:

  • Når punkta ikkje er fullstendige setningar, skal det vere liten forbokstav og ikkje punktum.
  • Når punkta er fullstendige setningar, skal det vere stor forbokstav og punktum, slik som i denne punktlista.
  • Det skal ikkje vere komma etter punkta.
  • Alle punkta skal ha lik grammatisk form, til dømes berre heilsetningar, berre at-setningar eller berre infinitivsfraser.

Set punktum

Teksten er god å lese når setningane er passe lange. Lengda kan gjerne variere litt, men ikkje vent for lenge med å setje punktum.

Har du fleire og/eller/men/for/som i ei setning, er det ofte eit signal om at du kan dele opp setninga.

Skriv aktivt – få tydeleg fram kven som skal gjere kva

Skriv aktivt når du kan.

Det betyr at du skriv kven (subjekt) som gjer noko (verb). Når subjektet utfører handlinga, har vi ei aktiv verbform:

  • Eg skriv aktivt.

I ei passiv setning forsvinn den som gjer noko:  

  • Det kan skrivast passivt.
  • Det blir skrive passivt.

Vi kan skrive passivt når bodskapen er kva som skal gjerast, ikkje kven som skal gjere det. Vi kan også skrive passivt når det kjem tydeleg fram av samanhengen kven som handlar, når vi ikkje veit kven som handlar, eller når det er eit poeng å ikkje seie kven som handlar.

Her er nokre døme:

  • Retningslinjene må oppdaterast.
  • Du kan klage på vedtaket. Klaga blir send til Miljødirektoratet.
  • Vi tilrår at det blir etablert produsentansvar for plastavfall frå fiskeri.
  • Teieplikta vart broten.

Unngå substantivsjuke

«Substantivsjuke» handlar om at vi bruker substantiv i staden for verb.

Døme:

  • Vi gjennomfører ei vurdering (substantivering).
  • Vi vurderer (verb).

Som regel er det betre å bruke verb for å vise mottakaren kva som faktisk går føre seg. Når du bruker verb, gjer du teksten mindre abstrakt og lettare å lese. Ord som sluttar på -ing eller -else, kan du vurdere å byte ut.

Døme:

  • Desse kan fåast ved førespurnad i resepsjonen. (Passivt språk + )
  • Desse kan du få viss du melder deg i resepsjonen. (Aktivt språk + )

Bruk eit oppdatert norsk språk

Unngå gammaldagse ord og uttrykk.

Vel oppdaterte og konkrete ord

Vel ord som er nært opptil daglegspråket, når det er mogleg.

Døme:

  • då i betydninga fordi (bruk heller fordi, sidan, ettersom)
  • herunder (bruk heller medrekna, irekna, inkludert, som, til dømes)
  • samt (bruk heller og, og dessutan, i tillegg)
  • vedrørande (bruk heller om, i samband med, som gjeld, som heng saman med)
  • angåande (om, når det gjeld, som gjeld)

Unngå fyllord og unødvendige presiseringar

Fjern fyllord og presiseringar som ikkje gir setninga meir informasjon. Her er nokre tips:

  • Fjern ord som betyr lite eller ingen ting (ein slags, faktisk, det kan synast/verke som, generelt, relativt).
  • Ikkje bruk fleire ord som seier det same etter kvarandre (kontakt og samarbeid med).
  • Vel det kortaste alternativet når betydninga er den same (oppnå formålet = nå målet, som følgje av dette = derfor, ovanfor = over).
  • Unngå unødvendige nektande utsegner (ikkje tilfredsstillande = mangelfull, ikkje sjeldan = ofte).

Bruk bindeord

Bindeord som viss, dersom, derfor, altså, likevel og fordi uttrykkjer samanhengar og motsetningar i tekstane. Dei er særleg viktige i vurderingar, der lesarane skal kunne følgje resonnementet til Miljødirektoratet og forstå kvifor vi har teke ei avgjerd.

Døme (bindeord utheva):

Vi har ikkje nok kunnskap om kor stort problem opptak av mikroplast og nanoplast er for menneske og dyr, og det er derfor nødvendig med tiltak som hindrar spreiing av plast.

Statens vegvesen reduserer mengda plast ved å bruke elektroniske tennarar og armering av stål i sprøytebetongen. Vi meiner likevel at tiltaket er så stort og omfattande at faren for spreiinga av plast ved fyllingsfot bør overvakast jamleg.

Vi fører derfor vidare vilkåret frå Statsforvaltaren om å overvake spreiing av plast.

Set om dei engelske fagomgrepa

Som offentleg etat skal vi bidra til at norsk kan brukast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet. Vi skal bidra med eit språk som gjer det mogleg for folk å vere aktive samfunnsborgarar og diskutere klima- og miljøspørsmål. Det vil også seie at vi må setje om omgrep frå andre språk.

Døme på ord vi har omsett:

  • Modal shift: transportmiddelskifte
  • Salt marshes: tidvasseng

Skrivereglar

Slik skriv vi i Miljødirektoratet.

Vi skriv Statsforvaltaren med stor forbokstav når vi meiner eit bestemt statsforvaltarembete.

Når vi viser til personen eller forvaltningsorganet generelt, bruker vi liten forbokstav.

Døme:

  • Eg fekk eit brev frå Statsforvaltaren i Trøndelag
  • I går drakk eg kaffi med statsforvaltaren i Trøndelag
  • Det er statsforvaltaren (= statsforvaltarane) som har ansvar for forvaltninga av …

Mange ord kan skrivast på fleire måtar, som orda forureining/ureining. Du kan velje det som passar deg best, men pass på at du bruker den same skrivemåten gjennom heile teksten.

Det same gjeld til dømes bruken av a-infinitiv eller e-infinitiv: Vel enten å skrive eller å skriva, med mindre du har kontroll på kløyvd infinitiv. Ver også konsekvent i bøying av enkeltord, for eksempel ved verb som kan vere både a- og e-verb (som skape og like) og substantiv som kan ha ulike kjønn (som lov og tekst ). Andre ord kan ha valfri enkel eller dobbel konsonant, som substantivet kjøken/kjøkken og verbet kome/komme. Det er tilstrekkeleg å vere konsekvent innanfor kvart enkelt ord.

Lovtilvisingar er ei støtte, ikkje hovudbodskapen. Dei skal aldri dominere i ein tekst for ikkje-juristar. Der skal alltid innhaldet spele hovudrolla.

Det viktigaste er å sørgje for at lesaren forstår innhaldet i tekstane vi skriv. Det vil seie at du først må forklare eller rettleie i kva føresegna betyr, før du viser.

Bruk korttittel på lovene og forskriftene 

Døme:

  • Bruk forureiningslova, ikkje lov om vern mot forurensninger og om avfall.
  • Bruk viltforskrifta, ikkje forskrift om skadefelling, dødt vilt og bruk av vilt i oppdrett, forskning og dyrepark. 

Du treng heller ikkje føre opp dato i lovtilvisingar, til dømes FOR-2020-04-01-565 eller forskrift 1. april 2020 om … 

Lovtilvisingar har minst tre funksjonar. Dei skal 

  1. hjelpe lesaren til å forstå 
  2. hjelpe lesaren til sjølv å orientere seg 
  3. byggje tillit og forankre bodskapen 

Lover skal ha liten forbokstav

Døme: 

  • forureiningslova 
  • naturmangfaldslova 
  • vassforskrifta 

Dei einaste unntaka er Grunnlova og lover som har eit eigennamn som første ledd, som Finnmarkslova og Svalbardlova.

Skrivereglar om paragrafar 

Lover er delte inn i paragrafar. Bruk mellomrom mellom paragraf og tal og mellom tal og bokstav: 

  • Skriv 15, ikkje §15. 
  • Skriv 15 a, ikkje § 15a.

Når vi viser til fleire paragrafar, bruker vi to paragrafteikn:  

  • Skriv § 10 til 20, dersom du viser til alle mellom 10 og 20. Ikkje skriv §§ 10–20. 
  • Skriv § 10 og 20, dersom du viser til paragrafane 10 og 20. 

Paragrafar er delte inn i ledd, som svarer til avsnitt i vanleg prosa. Det skal ikkje vere komma mellom paragrafen og ledda: 

Skriv viltlova § 10 første ledd, ikkje viltlova § 10, første ledd. 

Når vi viser til ledd og bokstavpunkt i ei oppramsing i ein paragraf, skal orda ledd og bokstav vere med: 

  • 126 første ledd bokstav a 

I nokre lover er paragrafane ein kombinasjon av kapittelnummer og paragrafteikn. Det første talet viser til kapittelet, det andre til paragrafen.  

Bruk bindestrek mellom dei to tala: 

  • Skriv 2-1, ikkje § 2.1. 

Hugs: Ein regel det kanskje er mest naturleg å minne om for bokmålsskribentar, er at det ikkje skal vere genitivs-s til lovnamna når du viser til paragrafane i lover og forskrifter.  

  • Bokmålsdøme: viltforskriften § 4, ikkje viltforskriftens § 4. 

Når vi forkortar og skriv berre lova eller forskrifta i staden for namnet, er det likevel greitt med genitivs-s på bokmål: lovens § 15. Men kva med nynorsk? På nynorsk snur vi på det og bruker preposisjon:

  • Skriv 15 i lova eller § 15 i forskrifta.

Bruk gjerne lister for å gi oversikt over aktuelt regelverk 

Gi nok informasjon i listene om kva reglane seier, til dømes: 

  • Reglane om handtering av næringsavfall finn du i forureiningslova § 32. 
  • Regelen om løyve til å forureine finn du i forureiningslova § 11. 
  • Reglane om anke finn du i tvistelova kapittel 29. 
  • Reglane om å tildele fellingsløyve finn du i hjorteviltforskrifta § 18.

Du kan formatere ord og ordgrupper for å skilje ut informasjon frå resten av teksten. Ikkje overdriv, og ver konsekvent gjennom éin og same tekst.

Kursiv

Du kan setje namn på publikasjonar i kursiv:

  • Strategi 2020–2025

Dropp likevel kursiven når du omtaler dokumentet generelt, altså når du ikkje skriv tittelen heilt ordrett:

  • Rammene for strategien byggjer på …

Hermeteikn (hermeteikn)

Hermeteikn kan brukast i staden for kursiv.

Dei norske hermeteikna er desse: «»

Vi skriv datoar i rekkjefølgja dag–månad–år.

Vi skriv datoar slik i løpande tekst: 1. januar 2023

Dersom du berre bruker tal, skal det ikkje vere nokon mellomrom: 01.01.2023 eller 1.1.2023

Vi skriv klokkeslett med punktum mellom timar og minutt.

  • 00
  • 30

Den offisielle skrivemåten for telefonnummer er slik:

  • 73 58 05 00 (fasttelefon og mobil)
  • 02800 (femsifra telefonnummer)

Små tal skriv vi som regel med bokstavar. Vi reknar tal til og med tolv som små.

  • Fem ulvar og to jervar

Innanfor den same setninga eller det same avsnittet bør vi vere konsekvente og velje enten siffer eller bokstavar. I tekstar med mykje tal – der tala er hovudsaka – bør vi vanlegvis skrive alle tala med siffer, til dømes i tabellar, matematiske utgreiingar og liknande.

  • I 2022 vart det fødd 72 kull med til saman 334 fjellrevkvalpar.

Store tal ordnar vi i grupper på tre og tre siffer. Det skal ikkje vere punktum nokon stad.

  • 13 695 innbyggjarar
  • 4 500 800 kroner
  • 4 593 personar

På norsk bruker vi komma i desimaltal, ikkje punktum.

  • 2,5 grader

Det skal alltid vere komma framfor men og mellom setningar som er bundne saman med og, eller og for. Det skal ofte vere komma i setningar som startar med dersom, viss, når og då.

Uavhengig av reglane skal du setje komma når det er nødvendig for å unngå misforståingar.

  • Døme: Vi har ein hund, og ein treåring som kan snakke.

Det skal vere komma mellom sideordna setningar når den andre setninga inneheld eit subjekt.

  • Døme med subjekt i andre setning: Ellen skjønte vitsen, og ho lo godt.
  • Døme utan subjekt i andre del av setninga: Ellen skjønte vitsen og lo godt.

Leddsetningar er setningar som ikkje gir meining når dei står åleine. Det skal vere komma

  1. etter ei leddsetning som står først: Då han kom, gjekk eg.
  2. etter ei relativsetning / innskoten leddsetning: Mannen som var mistenkt for rana, vart lauslaten dagen etter.
  3. framfor og bak ei relativsetning / innskoten leddsetning som ikkje er nødvendig for å forstå teksten: Pål, som var veldig blid, vart einstemmig vald.
  4. framfor ei leddsetning som ikkje er nødvendig: Ellen likte forslaget frå Morten, sjølv om ho hadde sine innvendingar.

Det skal vere komma framfor tiltaleord, svarord og utropsord.

  • Døme: Hei, Mahmoud!
  • Døme: Ja, det stemmer.

Ver varsam med forkortingar i løpande tekst. Det gjeld særleg forkortingar som er ukjende eller interne, som KLD (Klima- og miljødepartementet), TLG (toppleiargruppa), SNO (Statens naturoppsyn) og så vidare. Forklar alltid forkortingar første gongen du bruker dei i ein tekst.

Forbokstavord som er eigennamn og kan lesast i eitt, skriv vi med små bokstavar.

  • Nilu (Norsk institutt for luftforskning)
  • Niva (Norsk institutt for vassforskning )
  • Nina (Norsk institutt for naturforskning )
  • Koa (Kontraktar og innkjøp)

I løpande tekst tilrår vi å skrive prosent og promille med bokstavar i staden for å bruke teikna % og ‰ når det ikkje står saman med eit siffer. Teikna skal berre brukast med siffer: 5 % (ikkje fem %).

Det skal vere mellomrom (helst hardt mellomrom: Ctrl + Skift + mellomrom) mellom talet og prosentteiknet/promilleteiknet.

  • Over 68 prosent av landarealet på Svalbard er verna.
  • Det finst naturvernområde i meir enn seks prosent av skogane våre.
  • Saltinnhaldet har auka med 0,02–0,11 promille.
  • 3,8 % av den produktive skogen og 8,4 % av den uproduktive skogen er verna.

Fotnoteteiknet skal stå etter punktum når fotnoten gjeld heile setninga. Gjeld fotnoten eit enkeltord eller uttrykk, skal det stå etter ordet.

Døme:

  • Miljødirektoratet har kontor i Oslo og Trondheim.1(Fotnoten gjeld heile setninga.)
  • Miljødirektoratet har kontor i Oslo og Trondheim1. (Fotnoten gjeld berre ordet Trondheim.)
Tilbake til forsiden Lenke til forsiden

Personvern

Personvernerklæring
Tilgjengelighetserklæring
Sosiale medier
  • Om oss
  • Kontakt oss
  • Tips oss
  • Få siste nytt
  • Ledige stillingar
  • Aktuelt
  • Høringer
  • Publikasjoner
  • Nettjenester
  • Skjema og frister

Personvern

  • Personvernerklæring
  • Tilgjengelighetserklæring
  • Sosiale medier
Gå til hovedinnholdet