Døme på naturbaserte løysingar

Rettleiing til kommunar om kva som ligg i omgrepet naturbaserte løysingar, slik at dei kan vurdere dette i planarbeidet.

Ved å vise døme frå ulike landskap håpar vi å inspirere til å ta i bruk naturbaserte løysingar, og dessutan å sjå fleire løysingar i samanheng. Hovudmålgruppa er kommunar, under dette byggjesaksbehandlarar, planleggjarar, politikarar og andre som medverkar til avgjerder om kommunars arealbruk.

Innhold

  • Innleiing
  • Vassdrag og våtmark
    • Vassdrag
    • Våtmark
    • Kantvegetasjon
    • Meandrering
    • Flaumslettar
    • Opning av elvar og bekkar
  • Kystområder
    • Kystlynghei
    • Naturtypar i fjæra og på havbotnen
    • Sanddyner
    • Strandeng
  • Jordbrukslandskap
    • Utsatt jordarbeiding
    • Etablere fangdammar
    • Buffersone mot vassdrag
    • Fangvekstar
  • Bebyggelse og infrastruktur
    • Grøne arealer
    • Grøne tak og vegger
    • Urbant landbruk
    • Overvannsdam
    • Grøn vassveg (vadi)
    • Regnbed
Døme på naturbaserte løysingar

Innleiing

Naturbaserte løysingar (NBL) går ut på å løyse samfunnsutfordringar gjennom å ta utgangspunkt i naturlege prosessar og økosystem.

Det kan vere sosiale, økonomiske eller miljømessige utfordringar, som til dømes klimaendringar, forureining eller tap av natur. Naturbaserte løysingar nyttar kjente eigenskapar ved naturen til å løyse ei utfordring.

Naturbaserte løysingar for klimatilpassing kan delast inn i tre hovudkategoriar: bevare, restaure og etablere.

Figur 1 viser korleis bevaring av eksisterande økosystem er prioritert over restaurering og etablering av nye tiltak. Dei tre kategoriane kan kombinerast og vere komplementære, samtidig gir hierarkiet ein retning på kva bør prioriterast.

Naturbaserte løysingar er karakterisert ved at dei ofte har fleire funksjonar og er ofte kostnadseffektive, særleg når ein vurderer alle effektane for samfunnet. Dei er positive for naturmangfald, kan gje ei rekkje positive effektar for samfunnet gjennom økosystemteneste. Økosystemtenester er gode og tenester vi får frå naturen. Dei bidrar til menneskes velferd, direkte og indirekte. Det kan eksempelvis vere positive ringverknader for nærmiljø, natur  og friluftsliv. Vegetasjon i byar kan bidra til å reinse lufta ved at svevestøv og forureiningsstoff blir fanga i bladverket eller plantevekst gjer at karbon blir lagra i jordsmonnet over tid (karbonopptak og lagring).

Naturbaserte løysingar for klimatilpassing

Vassdrag og våtmark

Døme på naturbaserte løysingar i vassdrag og våtmark

Det finst naturbaserte løysingar for ei rekkje effektar av klimaendringar, mellom anna flaum, overvatn, havnivå og stormflo, skred, nedbør, temperatur og tørke.

I dei døma som her blir vist fram er søkjelyset på klimatilpassing, og eventuell reduksjon av klimagassutslepp og karbonopptak/-lagring vil vere ein tilleggseffekt.

Døme på naturbaserte løysingar i vassdrag og våtmark

Bevare og restaurere vassdrag

Betydinga for klimatilpassing

Vassdrag (innsjøer, elver og bekker) og annen natur som blir naturlig oversvømt kan fungere som naturlige buffere og virke flaumdempande, og har samtidig ein regulerande effekt på lufttemperatur ved at vatnet tar opp varme om sommaren og gir varme om vinteren. Å bevare eller restaurere vassdrag bidreg til klimatilpassing ved å sørgje for dryging, det vil seie at avrenninga til andre område blir redusert, og til å gi flaumvatnet en veg.

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Flaum
  • Overvatn
  • Temperaturauke

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Bevaring og restaurering av vassdrag kan ha stor betydning for naturmangfald, då det bidreg med næring og habitat for ei rekkje artar. 

Føresetnader

I urbane miljø eller i nærleiken av veganlegg kan det vere aktuelt med sandfang, sedimentasjons(kammer)basseng eller reinsedam som fangar opp sediment og forureiningsstoff før dei hamnar i innsjø eller vassdrag. 

Andre effektar tiltaket kan gi

  • Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.

  • CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

  • Stadsidentitet og kulturarv: Naturelement kan formidle historia eller identiteten til ein stad.

  • Matproduksjon: Naturbaserte løysingar kan leggje til rette for sanking/bærplukking, fiske, jakt eller dyrking av nyttevekstar.

Nyttige lenker

  • Tilskudd for å bedre miljøtilstanden i vann, Vannportalen
  • Tilskudd for fisketiltak, Miljødirektoratet
  • Økonomiske støtteordninger til miljøtiltak, kartlegging og sikring mot naturfare, NVE
  • Dagens finansiering av vannmiljøtiltak og vassdragsrestaurering, Nasjonal strategi for restaurering av vassdrag 
  • Landbruksdirektoratet: Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) gir tilskot til: gjenåpning av bekkelukkingar
  • Espedalselva, Ryfylke s 45 og 92: Uni Miljø Tiltakshåndbok_2018_11_compr.docx (miljodirektoratet.no)
  • Flåmselva, Aurland, s 108-114: Uni Miljø Tiltakshåndbok_2018_11_compr.docx (miljodirektoratet.no)
  • Nesttunsvassdraget, Bergen: The Nesttun Watercourse | Urban Nature Atlas (una.city)
  • Østensjøvannet miljøpark, Oslo: Ostensjo Lake Environmental Park | Urban Nature Atlas (una.city)
  • Veiledning - restaurering av vassdrag (vannportalen.no)
  • Nasjonal strategi for restaurering av vassdrag 2021-2030 (vannportalen.no)
  • Flom og miljø i et endret klima, verktøy til en naturbaserte klimatilpasning (unit.no)
  • Tiltakshåndbok for bedre fysisk vannmiljø (unit.no)
  • Frie fiskeveger: Utbedring av vandringshinder for fisk (Statens vegvesen, ny versjon kommer i 2024)
  • Naturrestaurering langs norske vassdrag – på startstreken til FN sitt restaureringstiår (Sabima)
  • Hva må til for å få en fisketrapp? (Norges jeger- og fiskerforbund)
  • Lag en terskel for fisken (Norges jeger- og fiskerforbund)
  • Steinterskel og steingrupper (Norges jeger- og fiskerforbund)
  • Små bekker er viktige gyteområder (Norges jeger- og fiskerforbund)
  • Kulvert (Norges jeger- og fiskerforbund) 
  • Gytegrus er ikke bare grus (Norges jeger- og fiskerforbund)
  • Vandringshindre for fisk (Norges jeger- og fiskerforbund)

Relevante bærekraftsmål

 

Døme på naturbaserte løysingar i vassdrag og våtmark

Våtmark

Betydninga for klimatilpassing

Med våtmark menes natur som for eksempel myr, sumpskog eller mindre vatn i landskapet.

Intakte våtmarker (både naturlege, restaurerte eller konstruerte) har ein viktig rolle i å regulere hydrologiske forhold og kan virke flaumdempende ved at vatn blir halde tilbake i våtmarksarealet. Intakte våtmarker kan verke flaumdempande inntil makskapasiteten er nådd. Våtmarker kan også bidra til vasstilførsel og etterfylling av grunnvatn i tørkeperiodar og redusere spreiinga av brann i utmark (skogbrann, torvbrann, lyngbrann osv).

Naturlege eller konstruerte våtmarker kan fungere som ein buffer mot flaum ved at vatn blir halde tilbake i våtmarksarealet. Våtmarker kan også bidra til vasstilførsel og etterfylling av grunnvatn i tørkeperiodar og reduserer spreiing av skogbrann. 

Små våtmarker som blir etablerte i utbygde område blir gjerne kalla for "lommevåtmark". 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Flaumdemping: Intakte våtmarker kan verke flaumdempande inntil makskapasiteten er nådd
  • Tørke: Våtmark kan i tørkeperioder motverke brann i utmark 

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Våtmarker har eit stort biologisk mangfald, både av artar og naturtypar. I våtmarkane lever fleire hundre karplantar, og dei fleste av dei 50 torvmoseartane i Noreg. I tillegg finst det mange artar av insekt og amfibia. Mange artar er heilt avhengig av våtmarkene og dei spesielle forholda for å overleve. Våtmarkene er også svært viktig for fuglelivet. Dei fungerer som hekkeområde, rasteplass under trekk, næringsområde, overvintringsplass, og er ein trygg stad mens dei skiftar fjørdrakt. Gjennom bevaring, restaurering eller etablering av våtmarker kan ein sikre robuste økosystem og samanhengande naturområde der artar kan tilpasse seg klimaendringar gjennom evolusjon, flytting av leveområde eller anna tilpassing.

Føresetnader

Våtmark blir "metta" i lengre periodar med jamn nedbør. I periodar med langvarig nedbør vil våtmark derfor ha avgrensa evne til dryging. Dette må vektleggjast ved vurdering av tiltak, eksempelvis ved at det blir etablert fleire tiltak. 

Andre effektar tiltaket kan gi

  • Reinsing av vann: Våtmark som myr kan bidra til å betre vasskvalitet, redusere eutrofiering/avrenning frå omkringliggande areala.
  • CO2-opptak og lagring: Våtmark som myr med djupe torvlag er den våtmarkstypen som lagrar mest karbon. Anna våtmark enn myr kan også vere karbonlager, sjølv om desse typisk inneheld meir mineraljord og dermed ikkje er like store karbonlager som myr (pr. arealeining).
  • Naturoppleving/naturarv: Det er store ikkje-bruksverdiar knytte til å bevare norsk natur og naturmangfald. For mange menneske har det ein verdi å vite at naturen blir bevart for framtidige generasjonar (arveverdi), og/eller at andre menneske kan oppleve eller bruke naturområda i dag eller i framtida (altruistisk verdi). Nokon verdset også å vite at naturverdiane blir bevarte for framtida, utan at det er knytt til eigen eller bruken til andre (eksistensverdi). 
  • Regulering av grunnvatn: Våtmarker kan også bidra til vasstilførsel og etterfylling av grunnvatn i tørkeperiodar. 
     

Nyttige lenker

  • Søk om tilskudd til naturrestaurering(Miljødirektoratet)
  • Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL): Etablering og vedlikehold av våtmarkar (Landbruksdirektoratet)
  • Aurstadmåsan, Kaldvassmyra og Hildremsvatnet (Verdal)
  • Restaurering av Rørvikvatnet naturreservat (statsforvalteren.no)(Giske)
  • Verdens våtmarksdag (Statsforvalteren i Agder)
  • Restaurering av natur (miljodirektoratet.no)
  • Plan for restaurering av våtmark i Norge (2021-2025) (miljodirektoratet.no)
  • Naturstrategi for våtmark (regjeringen.no)
  • Verdien av økosystemtjenester fra våtmark (Menon)

Relevante bærekraftsmål

Døme på naturbaserte løysingar i vassdrag og våtmark

Bevare, restaurere og reetablere kantvegetasjon

Betydninga for klimatilpassing

Vegetasjon langs vassdrag stabiliserer elveskråningar og hindrar erosjon ved at røter bind jordsmonnet og tar opp vatn. Kantvegetasjonen tar også opp næringsstoff frå avrenning frå omliggjande jordbruksareal og fungerer dermed som ein "buffer" for forureining til vassdraget. Det finst eit omfattande regelverk for å setje rammer for tiltak rundt kantvegetasjon, blant anna i vassressurslova, landbrukslovgivinga og plan- og bygningslova.

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse:

  • Flaum: Ved å redusere fart på vatnet

  • Erosjon: Ved å stabilisere elveskråningar

  • Temperaturauke: Tre og vegetasjon bidreg til lokal klimaregulering ved å gi le mot regn, vind eller sterk sol, og ved å redusere høge sommartemperaturar.

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Vegetasjonen langs elvar har mykje å seie for det biologiske mangfaldet, både i vatn og på land. Buskar og tre langs elvar og bekker kan ha stort biologisk mangfald og vere levestad for ei rekkje ulike insekt, fuglar, amfibium og små pattedyr. Kantsoner har også fleire funksjonar som er viktige for fisk, spesielt med omsyn til mattilgang og habitat. Dei gir mellom anna skjul for fisken og regulerer temperatur. Kantvegetasjon i form av stadegne tre og buskar, altså opphaveleg natur, kan også redusere utbreiinga av framande artar.

Føresetnader

Bruk stadegne tre og buskar ved reetablering av kantsoner. 

Andre effektar tiltaket kan gi 

  • Forbetra luftkvalitet: Tre og annan vegetasjon fangar svevestøv, svoveldioksid (SO2) og nitrogendioksid (NO2) som kan vere skadeleg for menneske i store dosar

  • Temperaturregulering: Tre og vegetasjon bidreg til lokal klimaregulering ved å gi le mot regn, vind eller sterk sol, og ved å redusere høge sommartemperaturar. 

  • Støyreduksjon: Vatn og vegetasjon absorberer lydbølgjer.

  • CO2-opptak og lagring: Ved fleirårig vegetasjon som buskar og tre, kan tiltaket bidra til auka opptak og lagring av CO2, både over og under bakken. 
  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

Nyttige lenker

  • Tilskudd til vassmiljøtiltak - generell vassforvaltning (Miljødirektoratet)
  • Natursats (Miljødirektoratet) 
  • Spesielle miljøtiltak i jordbruket : Tilskot for å fremme kulturlandskap og redusere forureining frå jordbruket (Landbruksdirektoratet)
  • Vannområde Morsa (Våler)
  • Planter og trær langs Hovinbekken (Oslo)
  • Haldenvassdraget (Halden) 
  • Veileder: Kantvegetasjon langs vassdrag (NVE)
  • Effekt av buffersoner på vannmiljø og andre økosystemtjenester (NIBIO)
  • Webinar: Naturbasert Sone: Litt på kanten og helt på jordet. Effekt av buffersoner i jordbruksvassdrag (NIVA)
  • Kantsoner: Renseeffekt av plantedekke mellom jordbruksjord og vassdrag  (NIBIO)
  • Skjøtsel av kantsoner mot vann og vassdrag (Statsforvalteren i Oslo og Viken)
  • Kantvegetasjon langs vassdrag må bevares (Statsforvalteren i Innlandet)
  • Youtube: Kjøtsel og pleie av vegetasjon langs bekkekanten (Vannteam Øst)
  • Youtube: Kantvegetasjon og sideløp (Norges jeger- og fiskerforbund)

Relevante berekraftsmål 

Døme på naturbaserte løysingar i vassdrag og våtmark

Bevare eller restaurere meandrerende elveløp

Betydninga for klimatilpasning

Meander er nemninga på ein vid sving i eit elveløp. Fenomenet oppstår naturleg som følgje av tendensen vatnet har til å renne i spiral der det får renne langsamt og uhindra på eit svakt skrånande underlag. På grunn av endringar i arealbruk er meandrar ein trua naturtype i Noreg.

Bevaring, restaurering og etablering av meandrering i bekke- og elveløp gir redusert vassfart og forseinkar flaumtoppar lenger ned i vassdraget, samtidig som erosjon og avrenning blir redusert. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Flaumdemping, ved å redusere fart på vatnet
  • Erosjonskontroll, ved å stabilisere elveskråningar

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Meander skapar ein stadig rørsle av masser og gjer at ei elv aldri er lik frå år til år eller tiår til tiår. Plantar og dyr i elva er tilpassa økosystem i stadig forandring. Når sand og grus beveger seg, skapar dette blant anna eigna forhold for villaks og ørret, slik at dei kan finne skjul, oppvekst- og gyteplassar. Mindre meandrering reduserer denne dynamikken og kan gi eit mindre rikt elvemiljø. Vidare er økosystema tilpassa naturlege vannmengder og flaum. Viss vannmengda avgrensast og det blir meir forureining og slam på botnen, er dette negativt for plantar, insekt og fisk.

Andre effektar tiltaket kan gi

  • Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.

  • Mikroklima: Tre og vegetasjon bidrar til lokal klimaregulering ved å gi le mot regn, vind eller sterk sol og ved å redusere høge sommartemperaturar. Opne vassflater har ein svalande effekt om sommaren.

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

  • Stadsidentitet og kulturarv: Naturelement kan formidle historia eller identiteten til ein stad.

Nyttige lenker

  • Naturrestaurering: Tilskudd til naturrestaurering (Miljødirektoratet)
  • Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL): Flaumdempande tiltak (Landbruksdirektoratet)
  • Gammelelva, surna naturreservat, Surnadal
  • Haukåsvassdraget, Bergen
  • Napa elveområde, California
  • Faggrunnlag for kroksjøer, flomdammer og meandrerende elvepartier, Statsforvalteren
  • Meander, Artsdatabanken
  • UnaLab Inspiration Cards, N31 
  • Manual of river restoration techniques

Relevante bærekraftsmål

Døme på naturbaserte løysingar i vassdrag og våtmark

Bevare, restaurere og etablere flaumslettar

Betydninga for klimatilpassing

Ei flaumslette er eit flatt areal langs eit vassdrag som blir fløymt over ved høg vasstand og flaum. Dette reduserer flaumfaren nedover i vassdraget fordi vatn dryges (vatnet blir halde tilbake for å dempe og forseinke vatnavrenninga til område som ligg nedstraums) og blir infiltrert på flaumsletta. Ei flaumslette kan redusere farten på vatnet, erosjon og flaumtoppar. Flaumsletter har stor kapasitet for å lagre vatnet og har derfor naturleg ein flaumdempande effekt.

Mange stader er det etablerte vollar langs vassdrag som hindrar elva i å nå dei naturlege flaumslettene sine. Ved å fjerne slike vollar kan ein reetablere tidlegare flaumslettar.

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Flaumdemping

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Flaumlettar er blant dei mest biologisk produktive områda i verda. I tillegg til gode næringsforhold fører den stadige endringa i vassføring og temperatur til at habitatstrukturen på flaumslettene er heterogen i tid og rom. Dette har ført til at flaumslettene er svært artsrike, med artar som har tilpassa seg eit miljø som alternerer mellom flaum og tørke.

Føresetnader

  • Areakrevjande

Tilleggseffektar tiltaket kan gi

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

  • Stadsidentitet og kulturarv: Naturelement kan formidle historia eller identiteten til ein stad.

  • Matproduksjon: Flaumslettar kan brukast til beite eller annan landbruksproduksjon.

Nyttige lenker

  • Økonomiske støtteordninger til miljøtiltak, kartlegging og sikring mot naturfare (NVE)
  • Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) Flaumdempande tiltak (Landbruksdirektoratet)
  • Kampelva (Østerrike)
  • Johnson Creek (Portland, USA)
  • Fordrøye vannet (NIBIO)
  • Modul F1.300: Mulige tiltak mot flom og oversvømmelse (NVE)
  • Manual of river restoration techniques  (The River Restoration Centre)
  • Rivers, streams and floodplains (NRC Solutions)
  • Restoring floodplain elements (NRC Solutions)

Relevante berekraftsmål

Døme på naturbaserte løysingar i vassdrag og våtmark

Opning av lukka elvar og bekkar

Betydninga for klimatilpassing

Opning av lukka elvar og bekkar som i dag ligg i røyr, kan bidra til å handtere større vassmengder. Saman med andre tiltak gir bekkeopning trygge flaumvegar. Opning kan også bidra til å handtere overvatn betre, fordi mengda overvatn som blir handtert ved ekstremnedbør er mykje høgare med opne løysingar enn viss overvatnet har gått i røyr med avgrensa dimensjon under bakken. 

Opne elvar, bekkar og vasspeglar er med å på å regulere blant anna temperatur og luftfukt. Vatn absorberer varme på sommarstid og gir varme på vinterstid, og trea kan gi skugge i sommarhalvåret. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse 

  • Flaumdemping
  • Handtering av overvatn
  • Temperaturregulering

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Tiltaket kan styrke naturmangfaldet ved at det blir skapt nye leveområde for vatnlevande organismar, plantar, fuglar og vilt.

Føresetnader

I urbane område kan elve- og bekkeopningar ikkje bli fullgod økologisk restaurert, då avgrensa areal gjer det umogleg å få nok plass til naturlege prosessar med meanderar, flaumsone og naturleg kantvegetasjon. På grunn av infrastruktur under bakken (kjellarar, tunnelar) kan urbane vassdrag ofte heller ikkje ha naturleg utveksling av vatn med grunnvatn, men ligg ofte på duk. Det gir totalt sett kanalprega vassdrag, med færre tilleggsverdiar enn eit elve- og bekkeløp med naturlege sediment, meandrering, flaumsone og kantvegetasjon.

Tilleggseffektar tiltaket kan gi

  • Reinsing av vatn: Det skjer ei naturleg vassreinsing i opne elvar og bekkar ved at sedimentering av forureinande partiklar og vegetasjon fangar opp næringsstoff. Sollys og oksygen gjer også at helsefarlege bakteriar blir brote ned raskare. Næringsstoff i vatnet som ein elles ville brukt ressursar på å filtrere bort, er naturleg gjødsel for vassplantane som dermed reinsar vatnet for oss.
  • Støy/støv-reduksjon: Vegetasjon rundt gjenopna elvar og bekkar kan bidra å fange opp støvpartiklar og til demping av lydar frå blant anna trafikk, og lydane frå elva/bekken bidreg til eit naturleg, lokalt lydbilete.
  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Grøne omgivnader langs elver/bekker kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.
  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

  • Stadsidentitet, kulturarv: Naturelement kan formidle eit stads historie eller identitet. Elvar og bekker i urbane strøk har ofte ei historie knytt til seg, til dømes som vasskjelde, vassverk eller kopla til industri. Gjenopning kan gjere det mogleg å følgje vassdraga for eksempel frå fjorden til marka, gjerne med formidling av historie langs elva/bekken.

Nyttige lenker

  • Tilskudd for å bedre miljøstanden i vann (Miljødirektoratet)
  • Natursats (NVE) 
  • Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL): Gjenåpning av bekkelukkingar (Landbruksdirektoratet) 
  • Hovinbekken, Oslo
    • Foredrag på Nasjonalt restaureringsseminar i 2021
    • Dammer og våtmarker renser den nyåpnede Hovinbekken, Nibio
  • Ilabekken, Trondheim:
    • Bekkeåpning, Ilabekken, NVE
    • Åpne bekker redder byene fra oversvømmelse, SINTEF
    • Bekken fra fortiden fikk livet tilbake 
  • Bekkeåpning, Klæbu 
  • Vann mellom Lungegårdsvannene, Bergen​ 
  • Grensebekken, Haugesund 
  • Hølaløkka, Oslo 
  • Bjerkedalen park, Oslo
  • Bekkeåpning som klimatilpasningstiltak. En overordnet og flerfaglig anvisning (SINTEF)
  • Gjenåpning av elver og bekker i Oslo 2022 (Oslo kommune, styringsdokument)
  • Nasjonal strategi for restaurering av vassdrag 2021-2030 (Vannportalen)
  • Evaluering av bekkeåpningsprosjekter med naturbaserte løsninger i Alnas nedbørsfelt (Miljødirektoratet)
  • Økosystemtjenester fra grønnstruktur i norske byer og tettsteder (Miljødirektoratet)

Relevante berekraftsmål

Naturbaserte løysingar for klimatilpassing

Kystområde

Døme på naturbaserte løysingar i kystområde.

Det finst naturbaserte løysingar for ei rekkje effektar av klimaendringar, mellom anna flaum, overvatn, havnivå og stormflo, skred, nedbør, temperatur og tørke.

I dei døma som her blir vist fram er søkjelyset på klimatilpassing, og eventuell reduksjon av klimagassutslepp og karbonopptak/-lagring vil vere ein tilleggseffekt

Døme på naturbaserte løysingar i kystområde

Beiting og lyngsviing av kystlyngheier

Betydninga av tiltaket for klimatilpassing

Beiting og kontrollert brenning av kystlynghei bidrar til å redusere mengda letttenneleg lyng, buskar og tørt gras, og erstattar det med friske plantar. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse 

  • Tørke: Gjennom beiting og lyngsviing blir gamal, lettenneleg lyng, einer og gras, erstatta med nye, friske plantar. Det vil førebygge tørke og ukontrollert lyngbrann.

Korleis styrkar tiltaket biologisk mangfald

Kystlynghei utgjer eit viktig bidrag til det biologiske mangfaldet i kyststrøka. Vegetasjonen i kystlyngheiane er hovudsakleg trelaus og prega av lyng og andre dvergbuskar. Røsslyng er den mest dominerande planten. Kystplantar med tilknyting til kulturlandskapet er ofte avhengig av velskjøtta kystlyngheiar. Mange artar av fuglar og insekt er også avhengig av at lyngheiane blir haldne i aktiv drift. Kystlynghei er ein sterkt trua naturtype i Noreg, og er ein utvald naturtype etter naturmangfaldslova. 

Andre effektar tiltaket kan gi 

  • Erosjonskontroll: Vegetasjon med store rotsystemer forhindrer erosjon ved at røtene held jorda på plass.

  • CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Stadsidentitet og kulturarv: Naturelement kan formidle historia eller identiteten til ein stad.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

  • Matproduksjon: Lyngheiar er ein viktig beiteressurs. Beitedyr produserer kjøt, samt ull og skinn. Lyngheiar står også for ein vesentleg produksjon av lynghonning.

Nyttige lenkar

  •  Å brenne kystlyngen gir mindre brannfare på sikt  (Nibio)
  • Handlingsplan for kystlynghei 2023 - 2037 (Miljødirektoratet) 
  • Brosjyre om beiting i kystlynghei (Miljødirektoratet)
  • Brosjyre om sviing av kystlynghei (Miljødirektoratet)
  • Fakta om kystlynghei (Artsdatabanken) 
  • Rapport M13-2013: Kystlyngheiene i Norge – kunnskapsstatus og beskrivelse av 23 referanseområder (Miljødirektoratet)
  • Forskningsprosjekt om kystlynghei (UiB) 

Relevante berekraftsmål

Døme på naturbaserte løysingar i kystområde

Bevare og restaurere naturtypar i fjæra og på havbotnen

Betydninga for klimatilpassing

Naturtypar (til dømes tareskog, ålegras og strandsump) som lagar tredimensjonale strukturar absorberer bølgjeenergi, og beskyttar kysten mot erosjon frå bølgja og stormflo. Gjennom å bevare og restaurere desse naturtypane kan energien frå bølgjene reduserast og dei kan verke saman for å verne kystlinja mot erosjon og skade frå stormar og høgvatn. Dette er særleg viktig i område som er utsetje for stigande havnivå. Tareskogar kan dempe bølgjer, ålegras og strandsump tar opp karbon og næringsstoff frå avrenning i tillegg til å dempe bølgjer. Tette førekomstar av skjell kan stabilisere blautbotn.

For å oppretthalde klimarobuste naturtypar i fjæresonen, så vil bevaringstiltak som gir rom til at naturtypar i sjø- og fjæresonen kan vandre inn og opp på land i bakkant av flomålet være viktige. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Flaumdemping (som følgjer av havnivåstigning og stormflo)
  • Dempar høgda, varigheita og energien til bølgjene og hindrar erosjon av sjøbotn og kystlinja

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Arter og naturtypar kan lettare tilpasse seg havnivåstigning og flytte seg innover. Naturtypar som er viktige for klimatilpassing er også leve-, skjul, gyte-, oppvekst- og eteområde for mange fiskar og andre dyr. Naturtypane bidreg til redusert bølgjeenergi som kan beskytte kysthabitatet som er viktige for biologisk mangfald. Ålegrassenger gir skjul og mat til fiskeyngel.

Tareskoger har flere trua naturtypar. Sukkertareskog er sterkt trua, nordleg er fingertarebotn sårbar, og nordleg stortareskog er nært trua. Eksponert blåskjellbunn er i kategori sårbar.

Andre effektar tiltaket kan gi 

  •  
  • Reinsing av vatn: Alger, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem og den tredimensjonale veksten bidreg fysisk som eit filter. Skjell bidreg og til å reinse vatn.
  • Erosjonskontroll: Rotsystema til ålegras forhindrar erosjon ved at røtene held sediment på plass.
  • CO2-opptak og lagring: Gjennom fotosyntesen blir lagra CO2 som karbon over og i sediment. Bevaring/auking av naturtypar i havet vil bidra til både karbonopptak og -lagring. Ålegras fangar/tilfører karbon og oksygen til sedimenter og gamle tette ålegrasenger bind tjukke sedimentlag. Tareskogar og strandsumpar har betydeleg kapasitet å omsette karbon.
  • Matproduksjon: Gjennom viktige gyte- og oppvekstsområde for fisk

Nyttige lenker

  • Flødevigen, Arendal
  • Selvhjelp for tareskogen langs norskekysten
  • Klimatilpasning av naturmiljø, Miljødirektoratet
  • Potensialet for restaurering og reintroduksjon av ålegrasenger i Oslofjorden, Klimaetaten
  • Restaurering av ålegrasenger: En praktisk veileder utviklet for Oslo kommune, NIVA
  • Har vi saltmarshes i Norge? En vurdering av begrepet opp mot norske naturtyper, Miljødirektoratet
  • Naturtyper i klimatilpasningsarbeid, Miljødirekotratet 

Relevante berekraftsmål

Døme på naturbaserte løysingar i kystområde

Bevare og restaurere sanddyner

Betydninga for klimatilpassing

Å restaurere og aktivt vedlikehalde naturlege og dynamiske sanddyner, inkludert påfylling av sand, kan bidra til å redusere bølgjeenergi og overfløyming av område lenger inn på land. Ein kan bevare og stabilisere eit sanddynelandskap ved å tilføre sand som ein barriere utanfor kysten.

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Flaum: Ved å dempe havnivåstiging og stormflo
  • Erosjon: Ved å dempe bølgjepåslag
  • Redusere sjøvatnsalt i jordsmonn: Saltinntrenging grunna havnivåstiging og stormflo

Korleis tiltaket styrkar naturmangfaldet

Sanddyner langs kysten inneheld ei rekkje spesialiserte artar av plantar og sopp, og ei rekkje sjeldne og raudlista artar, særleg varmekjære artar i sørlege delar av Noreg. Sanddynemark og sandstrender har også vist seg å vere viktige pionerområde for naturleg innvandrande artar til Noreg, spesielt karplantar.

Føresetnader

Tiltaket er berre aktuelt der det frå før finst naturlege sanddyner. 

Andre effektar tiltaket kan gi

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet, og redusere stress og psykiske helseplagar. Sanddyner er ofte svært populære turistmål, der kjende område som Jærstrendene har anslagsvis 1 million besøkende i året.  
  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

Nyttige lenker

  • Restaurering av sanddyner på Bøsanden, Nordland (Statsforvalteren i Nordland) 
  • Dune restoriation in South Seaside Park, New Jersey, USA
  • Dune restoriation in Souteast Florida, USA
  • Dune restoriation in Zandmontor, Nederland
  • Om sanddyner (Miljødirektoratet)
  • Restaurering av natur (Miljødirektoratet)
  • A Catalogue of Nature-based solutions for urban resilience, s 224-237 (Verdensbanken)
  • Faktaark: Beaches and Dunes – Naturally Resilient Communities 
  • Sand Dune Restoration at NAS Oceana – Chesapeake Watershed Cooperative Ecosystem Studies Unit

Relevante bærekraftsmål

 

Døme på naturbaserte løysingar i kystområde

Bevare, restaurere og etablere strandeng

Betydninga av tiltaket for klimatilpassing

Å bevare og restaurere strandeng langs kysten kan fungere på same måte som skog, busk og kratt ved at bølgjeenergi og kysterosjon blir redusert. Tiltaket kan også bestå av stein, trestammar og sediment der skaldyr kan feste seg saman med vegetasjonen som dempar bølgjeenergi. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Stormflo: Reduserer konsekvensane på stormflo ved å redusere hastigheit, høgd og varigheit på bølgjer
  • Erosjon: Stabiliserer og bidreg til å hindre erosjon av strandlinja som kan bli ei utfordring når havnivået stig.

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Strandenger har mange økologiske spesialistar tilpassa saltpåverknad frå havet, og som har hovudtyngda av førekomstane sine innanfor naturtypen strandeng. Strandeng er habitat for mange artar av fugl og blautdyr. Strandenger er også viktige hekke- og rasteplassar for fuglar.
 
Strandenger er trua naturtypar, strandeng (sårbar) og semi-naturleg strandeng (sterkt trua).

Andre effektar tiltaket kan gi

  • Reinsing av vatn: Reinsar vatn som renner inn i fjøresona. Naturtypen er derfor viktig for reinsing av avrenning (næringssalter/miljøgifter) frå bakanforliggjande areal.
  • CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykiske helseplager. Strandeng er ofte områder egna for fugletitting/fotografering.
  • Kulturelt mangfald: Da dei ofte er blitt beita så inngår semi-naturlege strandenge ofte i eit tradisjonelt kulturlandskap på kysten.
  • Strandenger er ofte brukte som beiteområde, og svært mange strandenger blir derfor rekna som semi-naturlege. Dei gir mellom anna godt beite for gås og reduserer beiteskadar på dyrka mark.

Nyttige lenkar

  • Søk om tilskudd trua natur (Miljødirektoratet) 
  • Skjøtselsplan for Kvikkleirøyran i Herøy kommune, Nordland (NIBIO Brage) 
  • Om strandeng hos Artsdatabanken  
  • Veileder: Klimatilpasning av naturmiljø (Miljødirektoratet)
  • Rapport: Naturtyper i klimatilpasningsarbeid (Miljødirektoratet) 
  • UNALAB inspirasjonskort, N29 og N30 (unalab.eu)
  • Living Shorelines, Naturally Resilient Communities (nrcsolutions.org)
  • Living Shorelines, Restore America's Estuaries
  • Restoring Coastal Features, Naturally Resilient Communities (nrcsolutions.org)
  • Coastal Marshes, Naturally Resilient Communities (nrcsolutions.org)

Relevante berekraftsmål

 

Naturbaserte løysingar for klimatilpassing

Jordbrukslandskap

Døme på naturbaserte løysingar i jordbrukslandskap

Det finst naturbaserte løysingar for ei rekkje effektar av klimaendringar, mellom anna flaum, overvatn, havnivå og stormflo, skred, nedbør, temperatur og tørke.

I dei døma som her blir vist fram er søkjelyset på klimatilpassing, og eventuell reduksjon av klimagassutslepp og karbonopptak/-lagring vil vere ein tilleggseffekt

Døme på naturbaserte løysingar i jordbrukslandskap

Ingen eller utsatt jordarbeiding

Betydninga for klimatilpassing

Jordarbeiding, spesielt haustpløying, av jordbruksareal, kan gi stor avrenning, erosjon og tap av næringsstoff frå jorda. Vårpløying eller direktesåing i upløyd mark reduserer desse problema. Intakte planterøter som stabiliserer jorda og stubben frå kornet gjer at vatnet renn langsamare. Jord med god jordstruktur har også betre infiltrasjon. Desse faktorane gjer at det blir mindre erosjon og tap av jord og næringsstoffar. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Overvatn
  • Tørke

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Pløyefri dyrking er positivt for jordlevande organismar. Eit større biologisk mangfald gjer større innhald av organisk materiale som igjen gjer jorda meir motstandsdyktig mot tørke. 

Mindre avrenning av næringsstoff til vassdraga og vidare ut i fjorden vil gi mindre oppblomstring av mellom anna algar. Dette er viktig for oksygennivået i vatnet som vasslevande organismar er avhengige av. Ingen/utsett jordarbeiding medverkar til å redusere problemet med algeoppblomstring og vil dermed hindre reduksjon av naturmangfaldet.

Andre effektar tiltaket kan gje

  • Erosjonskontroll: Vegetasjon med store rotsystemer forhindrer erosjon ved at røtene held jorda på plass.

  • Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.

  • CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken

Nyttige lenke

  • Regionale miljøtilskot i jordbruket (RMP) har tiltaka: ingen jordarbeiding om hausten, gras på areal utsett for flom og erosjon, inga jordarbeiding på flaumutsette areal, direktesådd haustkorn og haustoljevekstar, grasdekte vassvegar og grasstriper i åker, grasdekt kantsone i åker, kantsone i eng.  (landbruksdirektoratet.no)
  • Tiltak mot erosjon på jordbruksareal (NIBIO)
  • Klima, jordarbeiding, erosjon og fosfortap (NIBIO)
  • Nature-based Solutions | Regional Technical Platform on Green Agriculture | Food and Agriculture Organization of the United Nations (fao.org)

Berekraftsmål

Døme på naturbaserte løysingar i jordbrukslandskap

Etablere fangdammar

Betydninga for klimatilpassing

Fangdammar er konstruerte dammar eller våtmarker som medverkar til å redusere førekomsten av flaum og avrenning. Dei blir laga ved å utvide eller demme opp eit bekkeløp. Flaumtoppane vert dempa ved at dammane dryger overvatn.  

Dammane dempar flaumtoppar ved at dei samlar opp vatn, slik at det renn saktare nedover vassdraget. Avrenninga blir redusert ved at dammane fangar opp erodert materiale og næringsstoff frå omliggjande mark. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

Overvatn ved hjelp av dryging

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Fangdammar gir auka biologisk mangfald ved at vegetasjonen i og rundt dammane gir mat og habitat for ei rekkje vatn- og landslevande dyr og insekt.

Føresetnader

Det må leggjast til rette for innkomst for tømming av sediment frå fangdammen.

Tilleggseffektar tiltaket kan gje

  • Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

Nyttige lenker

  • Treplanting langs vann i jordbruksområde. Våler, Vannområde Morsa 
  • Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) har tiltaka: gjenopning av bekkelukkingar, etablering av fangdam og våtmarker, vedlikehald av fangdammar og våtmarker, flaumdempande tiltak, utbedring av hydrotekniske anlegg.
  • Regionale miljøtilskot i landbruket (RMP) har tiltaket: tilskot til etablering av fangdam Lenke: Instruks for regionale miljøtilskudd i 2023-2026_endret 30062023.pdf (landbruksdirektoratet.no)
  • Temaside: Fangdammer og renseparker (NIBIO)
  • Faktaark: Flomtiltak i landbruksområder (NIBIO)
  • Rapport: Effekt av buffersoner på vannmiljø og andre økosystemtjenester. (NIBIO)
  • Rapport: Effekt av fangdam i et endret klima - 20 års erfaring med overvåkning av fangdam i Skuterudbekken (unit.no) (NIBIO)

Berekraftsmål

 

Døme på naturbaserte løysingar i jordbrukslandskap

Buffersone mot vassdrag

Betydninga for klimatilpassing

Ei buffersone er eit vegetert område langs eit vassdrag, som har ei rekkje fordelar for klimatilpassing. Buffersona fungerer som ein naturleg barriere mot flaum og overvatn, ved å absorbere og forseinke vasstraumen. Vegetasjonen kan stabilisere jordsmonnet i vasskanten, slik at faren for erosjon  minskar og vasskvaliteten blir betre. 
 
I tillegg til å vere nyttig for klimatilpassing, medverkar buffersoner til å redusere næringsstoffavrenning frå jordet og auka karbonlagring i biomasse og jord.

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

•    Flaum, ved å absorbere og forseinke vasstraumen
•    Overvatn, ved å absorbere og forseinke vasstraumen

Korleis styrkar tiltaket biologisk mangfald

Buffersoner styrkjer biologisk mangfald ved å gi habitat og mat for ei rekkje insekt, smådyr og fuglar. Røtene er viktige for jordlevande organismar. Ved å bruke ulike typar vekstar i buffersona, vil biodiversiteten auke, då kvar planteart tiltrekkjer seg ulike typar dyr. Blomande plantar vil ha positiv effekt på pollinatorar.

Andre effektar tiltaket kan gje

  • Erosjonskontroll: Vegetasjon med store rotsystemer forhindrer erosjon ved at røtene held jorda på plass.

  • Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.

  • CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken

Pollinering, frøspredning: Humle, bier, sommerfuglar, blomsterfluger m.fl. pollinerer både viktige matplantar og mange artar i naturen. Ekorn, fuglar og andre bidreg med frøspreiing.

Nyttige lenker

•    Buffersone, Aremark 
•    Buffersone, Marker
•    Vannområde Morsa, Våler 

  • Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) har tiltaka: vegetasjonssonar/kantsonar langs vassdrag, flaumdempande tiltak, erosjonssikring i/langs vassdrag (Landbruksdirektoratet)
  • Regionale miljøtilskot i jordbruket har tiltak for grasdekt kantsone i åker og kantsone i eng (Landbruksdirektoratet)
  • Tilskudd til vannmiljø (Miljødirektoratet)

•    Effekt av buffersoner – på vannmiljø og andre økosystemtjenester, NIBIO
•    Faktaark: Trær langs jordbruksvassdrag: Fordeler og ulemper, NIBIO 
•    Faktaark: Kantsoner: Renseeffekt av plantedekke mellom jordbruksjord og vassdrag, NIBIO
•    En veileder for håndtering av flom og overvann i landbruket, Bondelaget 

Relevante berekraftsmål

Døme på naturbaserte løysingar i jordbrukslandskap

Fangvekstar

Betydinga for klimatilpassing

Fangvekstar er ulike typar gras og plantar som kan bidra til klimatilpassing av jordbruket. Dei har eigenskapar som gjer at avlinga til hovudveksten i lita grad blir påverka.
 
Vekstane forbetrar jordstrukturen ved hjelp av røtene, aukar infiltrasjonen av regnvatn og tek opp næringsstoff frå jordsmonnet. Dei tek også opp regnvatn gjennom haust, vinter og vår, der det elles ikkje ville vore plantar til å ta opp vatn. Fangvekstane kan vidare brukast til å stabilisere skråningar i ulike område eller til å verne jorda mot erosjon etter at hovudveksten er hausta. Det vil igjen hindre avrenning til nærliggjande vassdrag. 
 
I tillegg til å vere nyttige for klimatilpassing, medverkar fangvekstar til auka karbonlagring i jorda. 

Klimautfordringar tiltaket kan medverke til å løyse

  • Reduserer erosjon ved at røtene stabiliserar jorda, bremser hastigheita på avrenninga og aukar infiltrasjonen
  • Reduserer overvatn ved hjelp av dryging

Korleis styrkar tiltaket biologisk mangfald

Fangvekstar styrkjer biologisk mangfald ved å gi habitat og mat for ei rekkje insekt, smådyr og fuglar. Dette gjeld særleg blomstrande fangvekstar som til dømes vikker og honningurt. Røtene er viktige for jordlevande organismar. Ved å bruke ulike typar fangvekstar vil også biodiversiteten auke, då kvar planteart tiltrekkjer seg ulike typar dyr. 
 

Andre effektar tiltaket kan gje

  • Erosjonskontroll: Vegetasjon med store rotsystemer forhindrer erosjon ved at røtene held jorda på plass.

  • Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.

  • CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken

Nyttige lenker

  • Fangvekster som klimatiltak i norsk kornproduksjon (CAPTURE)
  • Regionale miljøtilskot i jordbruket (RMP)  har tiltaka:  fangvekst fom underkultur, fangvekst sådd etter hausting og fangvekst med høg diversitet. Se Instruks for regionale miljøtilskudd i 2023 - 2026 hos Landbruksdirektoratet
  • Faktaark for miljø- og klimaeffekter av fangvekster (Nibio)

Relevante berekraftsmål


 

Naturbaserte løysingar for klimatilpassing

Busetnad og infrastruktur

Døme på naturbaserte løysingar ved busetnad og infrastruktur.

Det finst naturbaserte løysingar for ei rekkje effektar av klimaendringar, mellom anna flaum, overvatn, havnivå og stormflo, skred, nedbør, temperatur og tørke.

I dei døma som her blir vist fram er søkjelyset på klimatilpassing, og eventuell reduksjon av klimagassutslepp og karbonopptak/-lagring vil vere ein tilleggseffekt.

Døme på naturbaserte løysingar ved busetnad og infrastruktur

Grøne arealer

Betydinga for klimatilpasning

Grønstruktur består av små naturprega område og omfattar parkar, turdrag, friområde og andre areal med naturprega vegetasjon. Avhengig av utforming og type vegetasjon vil grøn struktur redusere avrenning gjennom infiltrasjon og evapotranspirasjon. Fordamping og skugge frå vegetasjonsdekket bidreg også til å seinke temperaturen i eit område, til dømes ved ei heitebølgje. Større tre kan gi le for vind. Tre og buskar bidreg til å reinse lufta, og til å kaste skugge på varme dagar. Grøntområda i byar og tettstader har også betydning for bylandskap, trivsel og folkehelse.

Grøne korridorar kan bestå av trerekkjer, parkdrag, grønstruktur langs elvar og bekkar, etc. Dette er samanhengande grøntareal som gir grøne samband mellom viktige område. Dei kan til dømes knyte saman parkar, vassdrag og større markaområde, og aukar samtidig andelen areal med evne til å handtere overvatn og kjøle ned lufttemperaturen. Fordamping og skugge frå vegetasjonsdekket bidreg også til å seinke temperaturen i eit område, til dømes ved ei heitebølgje. Større tre kan gi le for vind. Tre og buskar bidreg til å reinse lufta, og til å kaste skugge på varme dagar.

Kommunen bør vurdere grøne areal i alle arealplanar i nærområda til byar og tettstader. Kommunen bør vurdere korleis grøne areal blir påverka når ein planlegg ny utbygging. I reguleringsplanar bør ein sørgje for å oppretthalde eksisterande grønstruktur, eventuelt etablere ny, eller gjenetablere tidlegare grønstruktur som har gått tapt. Kommunen bør også vurdere om det er grå område, t.d. industriområde som ikkje lenger er i bruk, som kan transformerast til grønstruktur. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Overvatn, ved infiltrasjon og evapotranspirasjon
  • Temperaturauke, ved at trær og vegetasjon seinkar temperaturen ved skugge og evapotranspirasjon

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Grønstruktur er grunnleggjande for å bevare det biologiske mangfaldet i byar og tettstader. Velfungerande økosystem og sona for forflytting aukar dessutan sjansane for at plantar og dyr klarer å tilpasse seg eit endra klima. Ved å transformere grå område kan naturmangfaldet bli styrka ved å bruke stadbunden vegetasjon. 

Føresetnader

  • Arealkrevjande

Andre effektar tiltaket kan gi

  • Forbetra luftkvalitet: Tre og annan vegetasjon fangar svevestøv, svoveldioksid (SO2) og nitrogendioksid (NO2) som kan vere skadeleg for menneske i store dosar

  • Mikroklima: Tre og vegetasjon bidrar til lokal klimaregulering ved å gi le mot regn, vind eller sterk sol og ved å redusere høge sommartemperaturar. Opne vassflater har ein svalande effekt om sommaren.

  • Støyreduksjon: Vatn og vegetasjon absorberer lydbølgjer.

  • Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.

  • CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

  • Stadsidentitet og kulturarv: Naturelement kan formidle historia eller identiteten til ein stad.

  • Matproduksjon: Naturbaserte løysingar kan leggje til rette for sanking/bærplukking, fiske, jakt eller dyrking av nyttevekstar.

Nyttige lenker

  • Natursats (Miljødirektoratet)
  • Nygårdsparken, Bergen
  • Den grønne akse, Bergen
  • Møllendalselven elvepark, Bergen
  • Løvstien, Bergen
  • Oldemors hage, Oslo
  • Pilestredet park, Oslo
  • Kolonihagene, Oslo
  • CityTree, Oslo
  • Grorudparken, Oslo
  • Bjerkendalen park, Oslo
  • Alna miljøpark, Oslo
  • Marka, Oslo
  • Sankt kjeld’s klima kvarter og bryggervangen, København
  • Jaktgatan, Stockholm
  • Veileder: Planlegging av grønnstruktur i byer og tettsteder (Miljødirektoratet)
  • Grønnstruktur i arealplanlegging (Miljødirektoratet)
  • A catalogue of nature-based solutions for urban resilience
  • Green streets (NRC solutions)

Relevante berekraftsmål

Døme på naturbaserte løysingar ved busetnad og infrastruktur

Grøne tak og vegger

Betydinga av tiltaket for klimatilpasning

Grøne tak og veggar er vegetasjonskledde overflater på byggverk. Når grøne tak blir konstruerte slik at vatn kan lagrast i massane under vegetasjonen, blir dei kalla blågrøne tak. Taka kan dempe avrenning ved at vatn renn saktere vekk frå taket og ned til bakken/avløpsnettet. Dette reduserer overbelastninga ved mykje regn. Grøne tak som blir metta av vatn fungerer lik eit vanleg tak, fram til det blir gjord plass til meir regnvatn.  

Grøne tak kan delast inn i ulike typar, etter korleis dei er bygd opp. Oppbygginga påverkar kor mykje vatn dei absorberer. Her er nokre døme:    

  • Ekstensive tak: Rimelege og lette, med enkel vegetasjon som klarer seg sjølv utan vatning og med avgrensa skjøtsel.
  • Semi-intensive tak : Tilrettelagt for meir krevjande vegetasjon, med litt tjukkare vekstmassar, der ein må følgje opp med vatning i tørre periodar.
  • Intensive tak: Takhagar og prydtak med tjukke vekstmassar. Krev regelmessig oppfølging med vatning og anna stell. Intensive tak kan fordryge meir og har dermed større effekt ved mykje regn.

I tillegg til å bidra med klimatilpassing, vil grøne tak vere eit supplement til grønstrukturen i byen og auke den estetiske kvaliteten i byen. Dei kan også verke avkjølande på varme dagar og brukast til dyrking av mat.

Tiltaket vil også kunne forlengje levetida til taket ved at vegetasjonen vernar takkonstruksjon og membran.

Biokol (jordforbetringsmiddel som bind og lagrar CO2) kan også ha god effekt på grøne tak, ved at det forbetrar jordstrukturen og gir langsamare avrenning av vatn. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Overvatn, ved dryging og evapotranspirasjon
  • Temperaturauke, ved at taka har ein isolerande/kjølande effekt

Korleis styrkar tiltaket biologisk mangfald

Det biologiske mangfaldet aukar ved at vegetasjonen kan bli til leveplass for insekt og fuglar. Det kan også leggjast til rette som ein levestad for raudlista artar.

Føresetnader

Det er stor variasjon i kor stor evne grøne tak har til å handtere overvatn/forseinke avrenning. Mengda nedbør taket kan halde på, aukar med jordtjukna. Svartelista plantar skal ikkje brukast på grøne tak. Taka må heller ikkje overgjødslast slik at avrenninga gir oksygensvinn, algevekst og sjenerande lukt i dammar, og andre tiltak for dryging som samlar opp avrenning frå taket.  

Andre effekar tiltaket kan gi

  • Forbetra luftkvalitet: Tre og annan vegetasjon fangar svevestøv, svoveldioksid (SO2) og nitrogendioksid (NO2) som kan vere skadeleg for menneske i store dosar

  • Mikroklima: Tre og vegetasjon bidrar til lokal klimaregulering ved å gi le mot regn, vind eller sterk sol og ved å redusere høge sommartemperaturar. Opne vassflater har ein svalande effekt om sommaren.

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

Matproduksjon: Naturbaserte løysingar kan leggje til rette for sanking/bærplukking, fiske, jakt eller dyrking av nyttevekstar.

Nyttige lenker

  • Oslo kommune: Tilskot til urbant landbruk
  • Oslo kommune: Tilskot til bomiljøprosjekter
  • Se øvrige ordninger på siden for urbant landbruk
  • Green sponge buildings in Scandinavia
  • Vega scene, Oslo
  • Kristian augusts gate 13, Oslo
  • Økern portal, Oslo
  • Nydalsveien, Oslo
  • Ikea Åsane, Bergen
  • Jekteviken terminal, Bergen
  • Grønn vegg på Musée du Quai Branly, Paris
  • Faktaark om grønne tak for flomdemping, NVE
  • Vegetasjon til grønne tak, Miljødirektoratet
  • Ombygging til fordrøyende tak, Sintef
  • Ombygging til blågrønne og blågrå tak: Problemstillinger og sjekklister, Sintef
  • Biokull kan ha god effekt på intensive grønne tak, NIBIO

Relevante berekraftsmål 

Døme på naturbaserte løysingar ved busetnad og infrastruktur

Urbant landbruk

Betydinga av tiltaket for klimatilpasing

Urbant landbruk omfattar dyrking og husdyrhald i byar og tettstader. I fleire norske byar blir takareal brukt til å dyrke mat og halde bier. Urbant landbruk kan bidra til å handtere overvatn ved å absorbere regnvatn. Auka mengd grøntareal kan vidare bidra til å redusere temperaturen i byområde.

Tiltaket kan også bidra til reduserte utslepp av klimagassar, både ved å redusere behovet for transport av mat og ved å auke kunnskapen om berekraftig matproduksjon. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Nedbør og overvatn, ved fordrøyning, infiltrasjon og evapotranspirasjon
  • Temperaturauke, ved hjelp av temperaturregulering

Korleis styrkar tiltaket biologisk mangfald

Urbant landbruk kan bevare og styrkje biologisk mangfald på fleire måtar. Det kan skape habitat for plantar og dyr, og bevare artar som er trua av urban utvikling. I tillegg kan det bidra til ein samanhengande grønstruktur i byane og dermed leggje til rette for at ulike artar kan bevege seg mellom område.

Føresetnader

Det er viktig å unngå overgjødsling, da det kan gi problem med næringsrikt vatn, oksygensvinn og algevekst lengre ned i vassdraget nedstraums. Dette kan igjen gi sjenerande lukt.

Andre effektar tiltaket kan gi

  • Forbetra luftkvalitet: Tre og annan vegetasjon fangar svevestøv, svoveldioksid (SO2) og nitrogendioksid (NO2) som kan vere skadeleg for menneske i store dosar

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Kan bidra til å forstå berekraftig matproduksjon og viktigheita av biologisk mangfald. 
  • Stadsidentitet og kulturarv: Naturelement kan formidle historia eller identiteten til ein stad.

  • Pollinering, frøspredning: Humle, bier, sommerfugler, blomsterfluer m.fl. pollinerer både viktige matplanter og mange arter i naturen. Ekorn, fugler og andre bidrar med frøspredning.
  • Matproduksjon: Urbant landbruk bidreg til auka produksjon av mellom anna frukt, grønsaker, honning og egg.

Nyttige lenker

  • Finansieringsordningar i landbruket med relevans for urbant landbruk (Landbruks- og matdepartementet)
  • Ein rekke kommunar har eiga tilskotsordningar for urbant landbruk
  • Losæter, Oslo
  • Geitmyra skolehager, Oslo
  • Urbant landbruk (Landbruks- og matdepartementet)
  • Veileder for urbant landbruk (Statsforvalteren)
  • Nasjonal strategi for urbant landbruk  (Regjeringen)

 

Relevante berekraftsmål

Døme på naturbaserte løysingar ved busetnad og infrastruktur

Overvannsdam

Betydinga av tiltaket for klimatilpassing

Ein overvannsdam er ein dam med permanent vasspegel, men som har volum til å få og dryge ekstra vatn i ein flaumsituasjon. Opne vassflater regulerer også temperaturen ved å ta opp varme på sommaren og gi varme på vinteren. Det er viktig å vere klar over at ein overvannsdam berre er flaumdempande for ei viss mengd vatn, og at kapasiteten må kartleggjast før utbygging.

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Overvatn, ved dryging
  • Temperaturauking, ved temperaturrgulering

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Ein overvannsdam kan bidra til auka biologisk mangfald gjennom å skape habitat for plantar og dyr, både på lands og i vatn. Dette kan auke biodiversiteten i eit område. Effekten på naturmangfaldet avheng av ei rekkje faktorar, inkludert utforminga til dammen, plassering og det omkringliggjande miljøet. 

Føresetnader

For å redusere drukningsfaren må dammar i tettbygde område ha slake kantar og vere grunne innerst mot land. Djupe dammar må sikrast med gjerde, vegetasjonsbuffer eller liknande. Dersom vatnet som blir tilført dammen er svært forureina, kan det vere formålstenleg å reinse vatnet før det blir sleppt ut i dammen. Algevekst er eit problem i næringsrikt, stilleståande vatn. Tiltak som sirkulerer eller fører oksygen inn i vatnet reduserer problematikken. Dammane kan vere arealkrevjande og krev vedlikehald som tilsyn med eventuelle pumper for vassirkulasjon og oksygentilførsel, fjerning av sediment, søppel, uønskt plante- og algevekst. Det er viktig å sikre tilkomst for vedlikehald. Dammar må også gjerne tømmast med jamne mellomrom.

Tilleggseffektar tiltaket kan gi

  • Mikroklima: Tre og vegetasjon bidrar til lokal klimaregulering ved å gi le mot regn, vind eller sterk sol og ved å redusere høge sommartemperaturar. Opne vassflater har ein svalande effekt om sommaren.

  • Rensing av vatn: Ein overvassdam har evna til å skilje ut forureining, ved hjelp av mekanismar som sedimentering, adsorpsjon og mikrobiologisk nedbrytning
  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

Nyttige lenker

  • Nansenparken, Oslo
  • Byåsen skole, Trondheim
  • Overvannshåndtering, Oslo kommune
  • Overvannsdammer i et urbant vannmiljø, NVE
  • Faktaark om overvannsdammer, NVE

Relevante berekraftsmål

Døme på naturbaserte løysingar ved busetnad og infrastruktur

Grøn vassveg (vadi)

Betydinga av tiltaket for klimatilpasning

Ein grøn vassveg, også kalt vadi, er lik eit regnbed. Det er ei vegetasjonskledd grøft eller fordjuping som infiltrerer overvatn, og som samtidig kan fungere som flaumveg i ein flaumsituasjon. Den leier overvatn bort frå tette overflater, noko som reduserer risikoen for flaum og overbelastning på avløpssystemet. Reinsinga av regnvatn skjer når vatn siv gjennom grunnen, der jorda verkar som eit filter som held tilbake partiklar og miljøgifter. Når vatnet sakte infiltrerer i bakken, bidreg det også til å halde oppe nivået av grunnvatn og forhindre uttørking av jorda. Overflata er oftast graskledd, men kan og ha utplanta staudar.

Tiltaket kan brukast i kombinasjon med takrenner. I staden for å leie takvatn direkte til avløpsnettet, kan vatnet leiast til vegeterte overflatar på bakken for infiltrasjon og evapotranspirasjon, slik som ein grøn og vegetasjonsdekket vassveg. På denne måten reduserer ein mengda overvatn som blir ført til det kommunale avløpsnettet.

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Overvatn, ved infiltrasjon og evapotranspirasjon

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Ein grøn vassveg forsterkar grønstrukturen og aukar det biologiske mangfaldet i byane. Det kan bidra til auka biologisk mangfald gjennom å skape habitat for plantar og dyr. Effekten på naturmangfaldet avheng av fleire faktorar, inkludert utforming, plassering, det omkringliggjande miljøet og innhaldet av miljøgifter i sediment og vatn. 

Føresetnader 

Det må gjerast tiltak for å forhindre erosjon i ein grøn vassveg(vadi), spesielt under etablering, viss det er stort fall eller at vatnet har stor fart inn i tiltaket. Moglege tiltak kan vere elvestein ved innløpet eller at vatnet blir leidd utanom tiltaket dei fyrste vekstsesongane, fram til plantane har fått etablert gode rotsystem som held jorda på plass. Grus, bos og forureiningsstoff kan samlast ved den grøn vassvegens innløp ved hjelp av ein «slamlomme».

Andre effektar tiltaket kan gi

  • Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.

  • CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

Nyttige lenker

  • Bryggen, Bergen
  • Thorvald Meyers gate, Oslo
  • Fornebu, Oslo
  • Vadi i Sogn Hagelab, Oslo

 

  • Eksempelsamling for overvannstiltak (NVE)
  • Rettleiar for handtering av overvatn i arealplanar (NVE)
  • Temablad infiltrasjonssone/-grøft (Tønsberg kommune)
  • Klima 2030 og evaluering av en grønn grøft langs RV3 (Vannportalen)

 

Relevante berekraftsmål

Døme på naturbaserte løysingar ved busetnad og infrastruktur

Regnbed

Betydinga av tiltaket for klimatilpasing

Eit regnbed er eit tilplanta søkk i terrenget der overvatn drygast og blir infiltrert. Dette bidreg til å halde oppe eit stabilt nivå av grunnvatn. Regnbed har ofte utplanta staudar.
 
Regnbed har fleire fordelar. Dei kan forhindre eller redusere overfløyming, fange opp forureining og bidra til auka naturmangfald. Vegetasjonen som blir planta rundt har effektar som større infiltrasjonskapasitet, reinsing av vatn og luft, og det vernar overflata mot erosjon. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

  • Overvatn, ved infiltrasjon og dryging

Korleis styrkar tiltaket biologisk mangfald

Eit regnbed forsterkar grønstrukturen og aukar biodiversiteten i byane. Det kan vere habitat for både vass- og landslevande artar, bidra til å binde saman grøne område og ein kan sørgje for planting av raudlista artar. 

Føresetnader

Det må sikrast tilstrekkeleg fall (minimum to prosent) mot regnbed slik at vatnet hamnar der det er planlagt. For å unngå slitasje bør regnbed i nærleiken av leikeområde vernast med gjerde. Plassering langs yttarkantane av eit område gir også redusert slitasje samanlikna med sentralt plasserte regnbed. Grus og forureiningsstoff kan samlast ved innløpet til regnbedet ved hjelp av "slamlomme". Svartelista plantar skal ikkje brukast i regnbed.

Andre effektar tiltaket kan gi

  • Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.

  • CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

  • Utdanning og læring: Utvikling, leik og læring i og om natur, stimulerer til kognitiv utvikling og motoriske ferdigheiter.

Nyttige lenker

  • Informasjon om finansiering av overvannstiltak (Miljødirektoratet) 
  • Deichmans gate, Oslo
  • Bjørnstjerne bjørnsons gate, Drammen
  • Tåsinge plads, København
  • Sogn Hagelab, Oslo
  • Lokal overvannshåndtering langs veg og gate (Statens vegvesen)
  • Urbane regnbed (Asplan Viak)
  • To av tre plantearter i regnbed-forsøk klarer seg (Statens vegvesen)

Relevante berekraftsmål

Tilbake til forsiden Lenke til forsiden

Personvern

Personvernerklæring
Tilgjengelighetserklæring
Sosiale medier
  • Om oss
  • Kontakt oss
  • Tips oss
  • Få siste nytt
  • Ledige stillingar
  • Aktuelt
  • Høringer
  • Publikasjoner
  • Nettjenester
  • Skjema og frister

Personvern

  • Personvernerklæring
  • Tilgjengelighetserklæring
  • Sosiale medier
Gå til hovedinnholdet